Gira på UngNo

UngNo Seminar i Florø 17.februar
Det er ikkje fordi eg har ordet slik i mi makt, at eg har fått blogge på meirennbank. Det heng nok meir i hop med at eg er veldig gira på UngNo! Du lurer kanskje på kva det går ut på? UngNo er eit slags ”Temposeminar” for ungdom ved den vidaregåande skulen. Vi prøver å trekke fram gode ting ved Florø, vise dei kva som er mogeleg, inspirere dei, og ta ungdommen på alvor.
UngNo skal vere med på å skape relasjonar, kanskje lettar det valet deira om nokre år, når dei skal søke jobb, og vi vil ha dei tilbake. Kvalitetane til Sogn og Fjordane er kanskje ikkje dei som er høgast rangert når ein er ung og det kriblar av eventyrlyst. Men har vi då ha sådd spira om ein bratt karrierestige, spanande jobbar og eit godt miljø, så er gjerne sjansen større for at dei vender nasa heimover.
Vi håper UngNo seminaret skal gjere inntrykk på ungdommane. At dei skal hugse dette som ein ”feit” dag, når dei sit i Oslo, Bergen, eller for den del på andre sida av jorda – med nasa langt nede i psykologi, fysikk eller marknadsanalyse.
Med eit felles mål om å engasjere ungdommen, fekk vi med oss Næringsfond for ungdom i Flora og Ungt Entreprenørskap, i tillegg til støtte frå Sunnfjord2020 og Fylkeskommunen. Det viser at ved å samle kreftene kan vi utrette så mykje meir, og dette gir meirsmak! Les meir om UngNo seminaret her.
Det er andre gong vi har eit slikt arrangement i Florø og Måløy hadde sitt første UngNo seminar i fjor. Vi håpar vi har sett nokre spor. Vi ynskjer å bli med på å løfte fram det positive. Med rett fordeling av innovasjon og tradisjon, skal vi bygge stoltheit. Så til alle dei som klagar i avisene, ikkje ”kødd” med bunaden min – den har mor mi brukt halve vinteren 1990 på å falde og brodere, og den ber eg rakrygga ved kvart ein høve!
Har du køyrt mot klarblå himmel i vest ein vintermorgon – på veg til ein jobb som gir deg utfordringar i mangfald, så har du nok, som eg, eit sterkt ønskje om å opne auga til alle som ikkje har sett denne fantastiske skatten. Sogn og Fjordane har mange av verdas beste arbeidsplassar, og eg jobbar på ein av dei!

[...] Florø. Nina hadde snakka så varmt og stort om dette, og eg hadde store forventingar. Den dama er sjølverklært høg på UngNo, og dèt [...]