Fest i Fjaler

Det syder i HAFS. Stort oppmøte under karrieremessa i Fjalerhallen 09.02.10

Det syder i HAFS. Stort oppmøte under karrieremessa i Fjalerhallen 09.02.10

Kanskje Jakob Sande ikkje dikta? Kanskje Gud faktisk heldt fest i Fjaler? Ein frikveld på Kobbeskjeret med ibis og pelikan, med palmer og seder der før det stod bjørk og gran. Eg må nemleg tilstå at det er noko med folket i Fjaler prestegjeld eg ikkje rett forstår. Det er eit eller anna med dei sunnfjordske og jordiske lover som ikkje gjeld rundt Dalsfjorden.

Naturstridig?
Eller tykkjer du det er naturleg med eit verdsgymnas med elevar frå over 80 land i Flekke? Tykkjer du det er heilt sjølvsagt at nettopp her var den plassen i landet der ein lengst klarte å få ski- og skoproduksjon til å løne seg? Eller kva med landets første jenteskule, er det ikkje litt rart at Nikka Vonens Pikeskole starta opp i Dale? Eit kunstnarsenter med utøvande kunstnarar frå heile Norden på Dalsåsen, kvifor akkurat der?


Nei blir ja

Eg minnest ein flott mann med alpelue som heitte Magne Bjergene. Han tok aldri eit nei for eit nei og realiserte UWC og Hauglandsenteret. Dei som kjempa for Dalsfjordbru og industri på Lutelandet må ha henta mykje inspirasjon frå den mannen. Etter mange tiår med nei, gav overmakta opp og sa ja.

Ny bankveg
På tysdag var det styret i Fjaler Sparebank som gjekk nye vegar. Dei vil legge eigenkapitalen i banken over i ei nyskipa stifting som dermed kan forvalte over 20 millionar i kontantar og eige ”bankaksjar” for 106 millionar kroner i Sparebanken Sogn og Fjordane. Det blir heilt sikkert mange utbyttekroner til gode formål i Fjaler i åra framover. Men det viktigaste for det framsynte styret er å få den største næringslivsbanken i fylket til å ta over bankdrifta i Fjaler når vekstimpulsane frå bru- og industriutbygging skyt fart. Eg tippar at forstandarane, som skal ta den endelege avgjerda om ein månads tid, vil kome til same konklusjon.

Det er stadig grunn til ein fest i Fjaler.

2 svar til “Fest i Fjaler”

  1. Arve Helle sier:

    Berre ein lita korrigering til ein elles flott artikkel: Det er elevar frå over 80 land på UWC.
    For å sette det i perspektiv så var det 67 nasjonar som deltok i OL på Lillehammer i 1994.

Legg igjen et svar