Borte bra, heime best

Bankbygget og brua i Førde
Det var det året som skulle bli så bratt. Alle kurver stupte nedover mot slutten av 2008 og starten av 2009. Vi som har eit stort ansvar for å skaffe pengar til Sogn og Fjordane, budde oss på det verste. Ville finanskrisa føre til store tap i næringslivet og rett og slett mangel på pengar til å halde hjula i gang?
I dag ser vi oss tilbake og summerer opp. Det gjekk ikkje så verst, som vanleg i Sogn og Fjordane i krisetider, hadde eg nær sagt. Sjølvsagt har det vore og er beintøft for mange eksportbedrifter i fylket. Hjulfabrikken Fundo gjekk konkurs og metallverka til Hydro i Årdal og Høyanger har hatt underskot i hundremillionarsklassa. Skipsverfta i Florø og Hyllestad har sagt opp og permittert, mens byggebransjen har ridd stormen av.
Utlånsvekst
Dei aller fleste av oss har vore i fast arbeid som før og hatt betre råd enn før. Det beste talet på det er at Sogn og Fjordane hadde den lågaste arbeidsløysa i landet ved årsskiftet. Dette har vi også nytt godt av i banken. Vi har lånt ut meir pengar til privatkundar enn nokon gong. Veksten i 2009 var på 1,3 milliardar kroner, eller vel ni prosent. Statistisk Sentralbyrå fortel at den generelle kredittveksten i norske hushaldningar var på sju prosent dette året. Dette fylket, som ifølgje mange avisinnlegg i det siste, er både sidrumpa og fullt av fjøsnissar, hadde ein sterkare utviklingstrend i finanskriseåret 2009 enn landet sett under eitt.
2000 nye kundar
Eit anna døme på det er at veksten i banken vart desidert størst på ”heimebøen.” Mens vi dei siste åra har lånt ut like mykje i Oslo og Bergen som her heime, var det ein klar snunad i fjor. For første gong på lenge var det først og fremst i Sogn og Fjordane at kundane våre lånte pengar og såg lyst på framtida. Sparebanken Sogn og Fjordane fekk 2000 nye personkundar dette året, og eigedomsmeklarselskapet vårt formidla fleire sal av husvære enn nokon gong.
Ny vekst
Vi tapte meir pengar i næringslivet enn året før. Det skulle nesten berre mangle sidan vi er ein næringslivsbank og har vore gjennom ei internasjonal finanskrise. Men veksten i privatøkonomien og sterk kostnadskontroll gjorde at vi likevel kom i mål med eit relativt bra resultat. Dermed kan vi halde fram med å støtte lagslivet og kulturlivet i fylket med mange millionar kroner. Og vi kan stå på vidare med hovudjobben som er å hente 11 milliardar kroner til vekst og utvikling i Sogn og Fjordane.
