Vågar vi nok?

FjærlandEg sat i romjula og førebudde meg litt til å vere med i NRK Sogn og Fjordane.  Dei ville ha mi meining både om 2009, men mest om utsiktene for 2010.  Som vanleg blei det også denne gongen til at vi brukte meir tid på fortida enn på framtida.  Det slo meg at det er litt typisk for oss her i fjordfylket.  Vi har lett for å fundere meir over det som var enn å forholde oss offensivt til det som kjem.  Det er tross alt i framtida vi skal vere resten av livet.

Trussel eller moglegheit?

Utviklinga går vidare enten vi vil eller ikkje.  Det beste vi kan gjere er å prøve å påvirke den.  Skal vi klare det må fokuset vere moglegheitene som ligg i utviklinga, ikkje berre truslane.  Berre truslar ser den som ikkje vil eller kan sjå noko anna.  Det disse ofte manglar er kunnskap om framtida og dermed også mot og vilje til å møte den offensivt.  Historia er god og viktig å ha med seg, men berre om vi brukar denne kunnskapen til å forstå utviklinga og bruke våre erfaringar til å takle endringane.

Galskap?

Mange meinte det var galskap når Richard og Eivind Grov i 2001 ville investere 35 millionar i eit nytt bade- og spa-anlegg på Alexandra Hotell.  Det var sikkert mange av dei same som meinte leiinga i Lerum var riv ruskande galne når dei meinte ny design og satsing på marknadsføring var det som skulle snu ei negativ utvikling i 2005.  Å bygge ein ny skipstank i Deknepollen å tru at ein skulle konkurrere med Sintef og NTNU i Trondheim, måtte i alle tilfelle vere galskap.  For ikkje å snakke om å få kongestatua til Skjerjehamn og gjere ein møteplass og attraksjon ut av staden, eller å bygge operahus på Nordfjordeid. Historia er full av historier om personar som har satsa og mislykkast, men eit like sikkert prov på framgang, velstand og utvikling er alle som har våga å tenkje nye og dristige tanker, har gjort noko med dei og lykkast.  Tenk om vi var flinkare til å dyrke dei siste og ikkje dei fyrste.

Fast i fortida?

Eg synest samfunnsdebatten i fylket er altfor sterkt prega av at vi ”heng igjen” i fortida.  Våre mest aktive skribentar og samfunnsdebattantar har eit historisk utgangspunkt.  Ikkje nødvendigvis noko galt i det.  Etter mi meining er kultur, arv og tradisjon ein god og viktig ballast å ha med inn i framtida.  Men ikkje alt er like viktig eller naudsynt å ta med seg vidare, og det må for all del ikkje hindre utviklinga, omstillinga og nytenkinga.

Vemodig

For å ta nokre døme.  Eg forstår ikkje det store engasjementet rundt flagget til Fjord 1.  Protesttog, truslar og avisinnlegg over fleire sider.  Er det avgjerande for Fjord 1 si utvikling og framtid korleis flagget ser ut?  Eg er 55 og huskar både Kommandøren og Sognefjord, men ikkje korleis flagget såg ut.  Trur de ungdommen forstår noko meir av denne debatten enn eg?  Eg har forståing for at endå eldre folk synest det er vemodig, men heller ikkje så mykje meir enn det – litt vemodig.

Blikket bakover eller framover?

Eg forstår ikkje at sjukehus-, skule- og kommunestrukturdebatten heile tida tek utgangspunkt i korleis ting var før.  Med båe beina på jorda kjem vi ikkje av flekken.  Vi må våge å sjå konsekvensane av utviklinga for å klare å prioritere innsatsen som skal til for å påvirke den!  Tenk på bedriftsleiarane som eg nemnde tidlegare i innlegget.  Dei har blikket retta framover.  Dei ser etter moglegheitene.  Dei er uredde og vågar både å satse og å prioritere. Dei påverkar utviklinga og framtida.

Del med andre:
  • Facebook
  • Twitter
  • del.icio.us

5 kommentarar

  1. Tor Erik seier:

    Når krysset i Fylkesbaatane-flagget til og med symboliserer Bergen (frå Nordre Bergenhus amttida), så skjønnar heller ikkje eg kvifor fjogningane er så opptatt av å ta vare på det.

    Eg trur namnet til reiarlaget er meir avgjerande enn flagget. Det var nødvendig med eit nytt namn, men Fjord 1 står seg nok ikkje i lengda. Det blir alt sett på som eit pussig utslag av namnemotane i det første tiåret av 21. århundre.

    Elles, det er kanskje ein mangel på sjølvtillit som er årsaka til at ein tviheld på det ein har, og motarbeidar endringar? Eg trur Sogn og Fjordane toler omveltningar godt, og kjem styrka ut dersom ein berre torer.

  2. Finn B. Førsund seier:

    I sin blogg den 5. januar fokuserer Arvid Andenæs på samfunnsdebatten i fylket. Han tykkjer den er for mykje konsentrert om fortida. Det er det kanskje noko i, men eg er usikker på om fortidas plass i offentlegheita er meir karakteristisk for debatten i Sogn og Fjordane enn andre stader. Eg trur dette er eit allment fenomen. Dersom det er geografisk betinga, kan det heller vere tale om eit skille mellom landsbygd og by.

    Det er lettare å uttale seg om fortida. Den kjenner vi jo til, og kan ha meiningar om. Ikkje minst kan vi dømme, og stundom med ein viss skadefryd seie, ”kva sa eg”.
    Difor trur eg og at folk er grunnleggjande konservative i sine framtidsstandpunkt. Vi har sagt nei til EU to gonger, og stort sett seier folk nei til kommunesamanslåingar, om dei vert spurde. Som historikar ser eg det gode i å ha respekt for tradisjonen, men det farlege i å bli slave av den. For framtida er ikkje kva ho ein gong var. No er det aller meste rota inn i globaliseringa, i alle fall det som har med økonomi å gjere. Så difor, det er berre i sjukehusspørsmål vi ropar høgt og sikkert om korleis framtida vil bli. Di verre, di sikrare er vi!

    Den som ikkje er redd for kor gale det kan gå, er grundaren. Det er grundaren som kastar seg inn i den uvisse framtida. Det er grundaren som har slik ubendig trang til å realisere sin draum at han vågar. Om det er stort eller lite, så lyt grundaren våge nok.
    Grunderen er ein som vil. For ein grundar finst det alltid ein enklare og lettare veg; å skaffe seg ein jobb er langt enklare enn å skape seg ein.
    Men så er jo grundaren ikkje ein som fer stilt i dørene. Det veit eg. Eg har ei i huset!

  3. Odd Frantzen seier:

    Eg trur vi manglar er personar med makt og mot til å gjennomføre viktige endringar. Det er opplagt at skal vi få til ei utvikling må vi endre oss. Enten har ikkje maktpersonane i fylket forstått dette, eller så har dei ikkje mot nok. Eg forstår at det kan vere vanskeleg å skjere igjennom i til dømes sjukehusdebatten, men det er faktisk ein viktig del av det å vere leiar. Ein skal vise veg. Sjukehusdebatten synes eg framstår som tragikomisk der ingen viser særleg godt leiarskap slik eg ser det.

    Samstundes kan eg godt gi eit spark til det partiet eg sjølv høyrer til i, Arbeidarpartiet. Når det gjeld sjukehusstrukturen i fylket meiner eg partiet har vist seg ute av stand til å prioritere. Partiet sitt standpunkt oppfatter eg som ja takk begge deler. Ein seier ja til eit sterkt sentralsjukehus samstundes som ein meiner at det ikkje skal få konsekvenser for drifta ved lokalsjukehusa. Kva slags leiaskap er dette, når det er rimeleg klart at ein ikkje får meir pengar frå sentralt hald? Politikk handlar om å prioritere!

    Kvar er leiarane frå dei store politiske partia når sjukehusstrukturdebatten rasar? Kvifor er dei ikkje på bana og rettleier og leiar folket?

    Manglande mot til å prioritere ser ein og i skulestrukturdebattane. Dersom lokalpolitikarane tenkjer meir på neste val enn på å gjere viktige prioriteringar i kommuneøkonomien meiner eg dei sviktar leiarrolla si. Politikar-rolla inneber ikkje berre å vere ombod for folket. Ein skal og leie. Det inneber sjølvsagt at ein og må kunne ta avgjerder som kan oppfattast som negative. Dette er faktisk viktig. Når små grendeskular kanskje er både dyrare i drift OG dårlegare pedagosik og sosialt, sviktar politikarane totalt om dei ikkje vågar å sentralisere av frykt for å bli straffa av veljarane.

    Dessutan, kvifor ser det ut til at lokalpolitikarane er dei siste som forstår at den kommunestrukturen vi har i fylket i dag tilhøyrer fortida? Vanlegvis er det slik at den som har skoen på kjenner best kvar den trykkjer. Men det verkar som mange lokalpolitikarar meiner at små kommunar greier å gi like gode tenester til innbyggjarane sine som større kommunar. Eg trur ikkje vi kjem utanom ein betydeleg endring i kommunestrukturen i landet dersom vi skal greie å møte utfordringane som møter oss i framtida. Det vil bli stilt store krav til kommunane på helse- og omsorgsområdet. At vi ikkje greier å få til ein konstruktiv debatt om kommunestruktur i fylket syens eg er merkeleg.

    • Jan Herstad seier:

      Grunnen til at det ikkje skjer endringar i offentlege organisasjonar der politiakar sit med avgjersmyndet er enkel. Politikarane vert valde og dei ynskjer svært gjerne å bli gjenvalgt. Derfor foreslår dei heller aldri endringar før systemkrisa er eit faktum.

  4. [...] skule- og kommunestrukturdebatten heile tida tek utgangspunkt i korleis ting var før”, bloggar fylkesbanksjef Arvid Andenæs (5.1.2010). ”Fylket har stått i ro i dei siste 50 åra”, oppsummerer Reiel Haugland, [...]

Ny kommentar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>