Topp vilkår og kunstgras

_ARU4916

Eg vart svært glad og stolt då eg før helga såg den siste bankkåringa til Norsk Familieøkonomi. Kvart år vurderer denne forbrukarorganisasjonen alle bankar i Norge når det gjeld vilkår på bustadlån, brukskonto, høgrentekonto og BSU. I skarp konkurranse med 125 bankar vart Sparebanken Sogn og Fjordane den 12.beste totalbanken i landet. Når det gjeld bustadlån på ein million kroner  er vi den 5. beste i kåringa. Alt i alt er vi den beste sparebanken på Vestlandet!

Herleg start
Ein herleg start på året. Dageleg prøver eg å vere oppatt av at vi i sparebanken må setje kunden i høgsetet og prøve å utvikle  tenester og vilkår som gjer banken konkurransedyktig og attraktiv. Men det å halde kundefokuset og vere utviklingsorientert er ikkje alltid like lett. Nytt regelverk, omfattande rapportering, krav til effektivitet, kvalitet og kunnskap er alle tema i det indre liv i banken som fort tek merksemda vekk frå kundane og det ytre liv. Rett balanse mellom det indre og ytre livet kan ofte vere kjempevanskeleg. Vi prøver å vere bevisste  på denne utfordringa og finne balansen så godt vi kan.

Kunden i høgsetet
Difor blir eg svært glad når eg ser at Sparebanken Sogn og Fjordane hevdar seg så godt i konkurransen. Når eg i tillegg veit at kundane gjev oss mange positive tilbakemeldingar i kundeundersøkingane, ja då tek eg det som eit prov på at vi i sparebanken i stor grad maktar å sette kunden i høgsetet og vere opptatt av det ytre livet. Gode kåringar og fornøgde kundar er også ei svært viktig vitamininnsprøyting for oss tilsette til å stå på for kundane og banken framover. Så ein betre start på året er vanskeleg for oss i Sparebanken Sogn og Fjordane å få.

Privilegert
Det skal sjølvsagt seiast at dei store forretningsbankane har markert seg i denne kåringa. Dei gjer heilt sikkert mykje bra og har nok ein del stordriftsfordelar. Men eg kjenner meg privilegert som får jobbe i ein sparebank, der føremålet er å arbeide for utbytte til lokalmiljøet og ikkje til velhaldne aksjonærar i Oslo, Stockholm eller København.

Landstoppen
Det er rett og slett kjempekjekt å få vere ein del av ein sparebank som ligg i toppen når det gjeld vilkår til kundar og som i tillegg brukar overskotet til å støtte over 900 frivillige lag, bygging av kunstgrasbaner og skianlegg, musikkbingar og talentfull ungdom i Sogn og Fjordane.

Del med andre:
  • Facebook
  • Twitter
  • del.icio.us

Ny kommentar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>