Ta vinteren i bruk!

KjetilFor mange er det eit ork å komme igjennom vinteren. Eg tykkjer at vi som bur i dette landet bør ha eit aktivt forhold til alle årstidene, også vinteren kan ha sin sjarm. Det er sjølvsagt kjekkast med dei varme årstidene, men ved å ta vinteren i bruk blir den kortare!  Eg tilhøyrer den delen av befolkninga som må bruke kroppen til fysisk aktivitet heile året – eg berre må ha det! Og ettersom eg tilhøyrer kontormann-gruppa tykkjer eg utandørs aktivitet er det beste, for då får ein frisk luft og naturopplevingar med på kjøpet. 
 

Ski og aller helst langrennsski er mi greie. Langrenn er svært god mosjon ettersom nærast heile kroppen må takast i bruk. Langrenn er snill og god aktivitet for kroppen, bortsett frå at det krevst bra kondisjon og blodpumpa får rikeleg å arbeide med i langrennssporet. Det er ein svært god følelse å lange ut bortover i terrenget, og samtidig vere i såpass bra form at neste bakke ikkje blir eit ork, men heller ei morosam utfordring.

Etter at perioden med oppfølging av ungar er over har eg valt å spisse aktiviteten ved å delta på Birken. Den fungerer som gulrota – ei utfordring som heng der framme, sjølv under dei mest regnfulle joggeturane om hausten. Eg har også hatt gleda av å aktivisere ungane innanfor denne sporten. Sjølv om konkurransefokuset no er over,  har aktiviteten festa seg ved at dei av eiga interesse held fram ski og friluftsliv i vaksen alder. For ein far med slik interesse er det kjekt å ta med seg.
 
Interessa og gleda med skisport har gjort til at eg har tatt på meg tillitsverv innan skiidretten. Det kjekkaste har vore deltakinga i dugnadsmiljøet som er knytt til Langeland Skisenter, og som organiserer tilbodet til dette skianlegget. Anlegget har blitt det mest besøkte av denne typen her i fylket. Etter studieopphald i Oslo på 70 og 80-talet med skiturar i Nordmarka erfaringsbakgrunn, såg eg at Langelandsområdet med “Hestane” som kulisse hadde kvalitetar som kunne utvikle området som Førde, Gaular og indre Sunnfjord sitt svar på Nordmarka. Det har vore interessant å vere med å utvikle dette potensialet. Attraktive bu- og arbeidsomåde treng gode rekreasjonstilbod. Langelandsområdet er ei mange brikker for å oppnå dette.
 
I vårt moderne samfunn krev dei fleste aktivitetstilbod meir eller mindre tilrettelegging. Tilrettelegging i form av barmarksopparbeiding av løyper og løypekøyring på Langeland har gitt eit tilbod som er blitt møtt med stor bruk og mange positive tilbakemeldingar. I jula og i starten av 2010 har tilstrøyminga til skianlegget vore enorm. For ein skientusiast er det veldig kjekt å registrere dette. Ta vinteren i bruk – i skisporet, og gjerne  på Langeland, blir vinteren fylt med positive opplevingar!

Del med andre:
  • Facebook
  • Twitter
  • del.icio.us

Ny kommentar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>