Sogn og Fjordane eit helvete på jord?
Dette er overskrifta på ein kronikk i Bergens Tidende 15.01, ført i pennen av Anne Viken. Temaet er den evige fråflyttingsdebatten. Ho sparkar i gang kronikken sin med utspelet til Ingrid Heggø om at tiltaket for å kjempe mot fråflyttingsspøkelset er å omgjere studielånet til tilbakeflyttarane til stipend. Eg er heilt einig med Viken. Snakk om å ta tak i utfordringa på feil grunnlag, i feil ende og utan å reflektere over konsekvensen dette vil gjere for omdømet til fylket.
Eit stigmatisert fylke med særordningar
Eg tolkar utspelet til Ingrid Heggø som at ho har gitt opp og nærmast omfamna ”faktumet” at vi er no eit så smålåte og mindreverdig fylke som treng både tiltakspakkar og naudhjelp for å overleve.
”Her står det så dårlig til at du får igjen pengar ved å flytte hit.” Hjelp.
Intensjonen er vel sikkert god, men det virker lite gjennomtenkt når det viser seg gang på gang at det er mange som vil tilbake, men dei får det ikkje heilt til.
Ei undersøking i regi av Framtidsfylket i fjor viser at nær 80% av dei som har flytta ut gjerne vil tilbake, men mangelen på relevant jobb er hovudårsaka til at ein ikkje kjem. Respondentane meiner også at dette er fylket si aller største svakheit totalt sett, medan den kjende leksa om vakker og flott natur er styrken. Tenk om det var omvendt? Ikkje at naturen var så stygg, men at det ikkje var berre det vi hadde å slå i bordet med. Det er ikkje unikt med vakker natur. Det er flott på Sunnmøre, i Bergen og på Sørlandet også.
Svara frå denne undersøkinga blir underbygd av andre, liknande undersøkingar. Så problemet er ikkje at ein ikkje vil, men at ein ikkje får det heilt til.
Er det verkeleg slik?
Det eg lurer på er om det eigentleg står så ille til som ”vi” skal ha det til? Er verkeleg arbeidsmarknaden så tragisk? Er det verkeleg ikkje mogeleg å finne gode og spennande jobbar også her? Det er jo det. Eg har ein, og mange andre med meg. Det blir til og med fleire av dei! Men likevel så er det altso det som blir oppgitt som den største svakheita til fylket.
Eit eksempel er at denne banken har vore med og skape 100 finansarbeidsplassar dei siste åra. Vi kan nemne ”Teknopollen” og Elis som andre eksempel. Så det er ein mismatch mellom det og påstanden frå dei utflytta som eigentleg vil heim.
Mange spring difor rett til konklusjonen at det er noko feil med marknadsføringa. Tja…
Eg har lært meg til å alltid stille spørsmålet; kva handlar dette EIGENTLEG om? Svaret er ofte kjensler, og sjeldan det rasjonelle. Er det verkeleg mangelen på arbeidsplassar? Eller marknadsføringa?
Tenkjer vi framover eller bakover?
I mitt verdsbilete må ein ha innbarka haldningar frå fordums tider om ein skal vere ueinig i påstandane, eller svara Anne Viken gjev på spørsmåla ho stiller. Kvifor må vi då ha denne debatten…igjen og igjen? Kvar ligg eigentleg problemet?
Er det gått så langt at vi faktisk er viljuge til å bli eit u-land i eit av verdas beste og rikaste land – og vi tykkjer det er heilt greitt? Er vi for late til å gidde å gjere noko med det? Er det for mykje mas og stress? Vil det føre til endringar vi ikkje heilt orkar å gjennomføre, fordi vi som bur her har det så godt? Er det rett og slett for mykje styr og vil vi heller bruke tid på å gå på fjellet eller stå på ski? Må det ei ”ulukke” til for at vi vaknar? Må vi verkeleg vente til 2018 når elevtalet i den vidaregåande skulen er så lågt at store, offentlege institusjonar blir lagt ned før vi vaknar?
Eller er vi rett og slett så vane med å få sydd puter under armane og alltid vere nummer to, at vi tenkjer, ”dette ordnar seg nok av seg sjølv, berre vi tek tida til hjelp”. ”Dissa nedi Oslo må vakne og sjå problema”, skrik vi. Tidsbruk og hyling har det vore nok av, men lite har skjedd.
Verda går ikkje framover på gode intensjonar og debattar. Då hadde vi kanskje vore verdsleiande. Handlekraft trur eg heller det ikkje er mangel på. Det handlar kanskje berre om å måtte strekke seg litt lenger og ta ein tur utanfor komfortsona.
Jaja, Reiel, vi høyrer kva du seier. Men kva skal vi gjere då?
Eg trur det har med grunnleggjande, ”bygdete” og negative haldningar som får for mykje spelerom i både frukostborddebatten, den offentlege samfunnsdebatten og i politiske fora.
Som for eksempel då ein framfusen fyr som meg prøvde å kommentere at min heimkommune sitt mål om 15 nye tilflyttarar per år var litt lite hårete og lite ambisiøst. Kvifor ikkje prøve seg på 100 over tre år? Eg fekk ikkje inntrykk av at så mange syns det var så lurt. Det var vel berre eit utspel frå ”ein ung kjekkas som ville flotte seg litt”. Det svaret eg fekk var: ”joda, vi er for so vidt einige, men vi må vere litt realistiske og…” Den haldninga trur eg peiker på hovudgrunnen til at ingenting skjer.
Her i banken fekk vi ein kommentar i ei undersøking vi hadde som lyder slik ”Kan ikkje banken vere litt meir sånn Moods (of Norway) aktig?” Ikkje det at vi skal trekke fram den gjengen i tide og utide, men det er ikkje å kome i frå at dei har truffe noko. Kari Traa likeeins. Kvifor er Voss så ”kult”? Det er jo berre ei lita bygd nedpå ein tange ut i litt vatn med nokre fjell rundt. Føresetnadane til Voss er ikkje annleis enn her hos oss naturmessig. Eg er heilt sikker på at dei ikkje har debattar på Voss om kor trasig dei har det.
Eg skulle ønske vi kunne slutte å ha desse debattane eg. Slutte å diskutere kvifor vi har det så trist, kvifor det står så dårleg til, kvifor alt berre er kjipt, traust og trasig. Kva med å heller prøve å samle dei gode kreftene, skape noko utanfor dei gitte rammene vi har i dag, vere litt radikale og slutte å sjå bakover i tid for å leite etter svar. Kvifor skal vi alltid vere så realistiske og fornuftige? Kva med å omfamne galskapen, tore å gje litt gass og bruke like mykje ressursar og engasjement på å utvikle som vi gjer på folkeaksjonar for å bevare.
Vi går stort sett i fakkeltog mot eit eller anna, kva med å faktisk gå i tog FOR noko? Det er vel kjekkare å vere glad og nøgd, enn å vere forbanna og trist når vi går i flokk. Eller?
I kveld er det debatt i Førde med Anne Viken og Georg Arnestad om akkurat dette temaet. Eg har skaffa barnevakt og er klar. Så håper eg berre det vert meir interessant og matnyttig enn ein heimekveld med mi vesle dotter på to år. Hennar sutring og utfordringar kan stort sett løysast med litt kos og eit glas saft. Kanskje det kan vere ei løysing på andre ting og?

Godt innlegg Reiel!, Du set fingeren på heilt sentrale moment for at vi skal målbere våre gode verdiar og kvalitetar utan å få “sytestempel”. Vi må berre inrømme at Anne Viken har mange gode poeng vi ikkje berre kan feie undet teppe. Vi må slutte å forbanne mørket, og bli flikare til å lovprise lyset og alt bra vi har, – og ikkje minst det vi kan skape!
Så koseleg at nokon endeleg har funne løysinga for fjordfylket. Her har vi verdiskaping pr. innbyggjar langt større enn blant papirflyttarar i områda kring Oslofjorden, men det vert ikkje lagt til rettte for at verdiane skal bli verande her. Vi produserer straum til å skape arbeidsplassar i andre deler av landet, men på grunn av “tilfeldige” definisjonar skal nordfjordingar betale mykje meir for elektrisk straum frå Sogn og Fjordane enn folk i Oslo. Når ein tunell i Sogn ligg mellom dei to største byane i landet, med mange veljarar, er han gratis å køyre gjennom. Men i Fjærland er landets dyraste bomstasjon, likevel produserer Lerum varer som hevdar seg godt i marknaden på landsbasis. Kysten vår har tradisjonelt vore gode på fiskeri, og vi eksporterer mykje fisk i tillegg til det vi bruker sjølv. No har vi også eksport av oppdrettsfisk som milliardbutikk. Men det har teke tid å få på plass vegar som er eit vogntog verdige. Vi har produsert aluminium fleire stader i fylket, skipsverft og anna industri har vore gode arbeidsplassar. Men når det blir funne olje og gass utanfor Sogn og Fjordane, så skal mengda av arbeidsplassar liggje i Hordaland eller Møre og Romsdal….forstå det den som kan! Og helsevesenet vårt skal byggjast ned, først og fremst det som ikkje ligg i Førde. Og ein avisredaktør kom på den idéen at fylket burde ikkje ha vidaregåande skular nord for Sandane! Vi er flinke i dette fylket til å bekjempe kvarandre, det er visst ikkje meininga at vi skal bli fleire, snarare færre. Det må vere ei sikker taparoppskrift å leggje ned godt fungerande tenestetilbod. Til og med når det kjem på tale med produksjon av elektrisk straum utanfor kysten vår, så finst det nokre glupingar som meiner at hovudkontoret bør liggje i Bergen, for det blir sikkert vanskeleg å skaffe kvalifisert arbeidskraft i Sogn og Fjordane…. Nei, legg arbeidsplassane der ressursane er! Inne i byane er det rikeleg nok folk frå før! Bruk straumen til å skape arbeidsplassar i eige fylke, og spar oss for høgare nettleige så lenge grunngjevinga er eit ønske om hundre millionar i overskot pr. år og eit anna ønske om å få på plass enorme linjer som skal føre verdiane ut av fylket vårt og vi berre skal sitje att med rekninga. Legg til rette for at verdiar framleis skal bli produserte her i fylket, og at vi kan behalde noko av verdiane sjølv. Det mest verdifulle vi produserer er ungdom med godt vit og positive haldningar, og kommunikasjonen er godt nok utbygd til at dei kjem seg herifrå viss her ikkje er noko verdifullt som dreg dei tilbake hit. Det er ikkje nok å vere verdas vakraste reisemål, vi må ha nokre nye arbeidsplassar også, i staden for dei som vert nedlagde. Vi treng ikkje særordningar, verken positive eller negative, vi har nok å stri med som det er.