Det beste med Sogn og Fjordane?

ÅrdalDette har vore ei interessant veke. Men den er snart over. Håpet kan vere at neste veke blir like interessant. Men kanskje på ein annan måte. Sogn og Fjordane er ikkje eit helvete på jord. For meg er det det stikk motsette. Det er ikkje lett å sette fingeren på kva det er som gjer at dette er Heime. Alle sansane speler inn.  Den lause og ledige stilen som vi alle likar. Det fantastiske smakane som tyt ut av jord og vatn. Folka som bur her med den gode kommentaren som aldri ligg langt vekke. Det å vere fri i vakker og rå natur. Dei breie glisa og den stolte kjensla når nokon her i frå lukkast. Den hjelpsame handa som faktisk er der om du treng den. Ønskjet om å få noko til. Ønskjet om å skape. Ønskjet om å leve eit godt liv.

Eg tok ei runde og spurte dei tre som sit rundt meg i dag kva dei meiner:

Mette (grafisk designer): For meg handlar det om muligheitene som faktisk ligg i å bu på ein liten plass. Du har så utruleg mykje større mulegheit å påverke miljøet og det som skjer rundt deg! Skape sin eigen kvardag på ein måte, og greie å få til ting som viser igjen.

Lene (leiar på marknadsavdelinga): Ein veit ikkje kva ein har, før ein plutseleg ikkje har det lengre. Etter å ha budd vekke frå Norge i eit år kjente eg at det var veldig godt å komme tilbake. Mange klagar over høge fjell og lite sol i Førde, men det var veldig godt å komme tilbake til fjella – følte nesten at dei gav meg ein god klem når eg kom tilbake.

Berit (webkonsulent, som vart veldig inspirert av dette): Dei skiftande vertilhøva, med  vind og regnbyger på tvers, og så brått ein solskinsdag som varmar langt inni sjela. Vi vestlendingar er nok litt ”furet, værbitt” inni oss og, men glimtar til og skin opp, akkurat slik som veret kan skifte.

Heldigvis har vi 4 fantastiske årstider her vest og! Kva skulle vi gjort utan våren med gyllelukt, irrgrøne lier, og naturen som eksploderer i lukt og fargar slik at  vi nesten høyrer kor plantane veks ? Eller hausten som glimtar til med full storm ved Stadt, eller rimfrosne myrer i alle regnbogefargane? Tenk at melodien ”Se Norges blomsterdal” vart til då forfattaren såg utover Førde ?

Førde – passeleg stort og passeleg lite ! Her kan vi med svart belte i shopping, få dekka alle behov ( berre IKEA mangler), og vi kan skifte frisør kvar månad og likevel ikkje kome rundt på eit år. Vi har kort veg til skikkeleg tradisjonsmat – lefser, raspeballar, plukkfisk, flatbrød, nam-nam, men i neste augeblink kan vi gå på Café og nyte focciabrød, caffe latte eller vårrullar.

Kva er det beste med Sogn og Fjordane for deg?

Del med andre:
  • Facebook
  • Twitter
  • del.icio.us

1 kommentar

  1. Andreas seier:

    Det gjekk nett opp for meg at eg lika gyllelukt, sånn egentlig :)

Ny kommentar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>