Årets unge leiar – Hallvard i finalerunda !

Årets unge leiar ?
Sogn og Fjordane er svært sjeldan synlege når næringslivet har kåringar om størst, fyrst eller best. Difor gledar det meg stort at vi i BI og DN si kåring av ”årets unge leiar” finn vår eigen Hallvard Klakegg. Profesjonelt leiarskap er sjølve grunnlaget for utvikling og vekst uavhengig av bransje. For oss har dette hatt sterkt fokus i lang tid og det er difor ein viktig siger at vi og fylket viser igjen også i slike kåringar.
Etter ein knalltøff konkurranse med om lag 100 andre deltakarar står Hallvard igjen i lag med ni andre flinke unge leiarar og ventar spent på finaleresultatet som blir kunngjort under BI sin konferanse i Oslo i morgon. Det var dette eg håpa på når eg melde han på konkurransen tidleg i haust. Kunne vise at du ikkje må jobbe i eit større konsern i ein stor by for å nå opp. At du ikkje må høyre til i eit internasjonalt konsulentselskap for å nå opp. At du faktisk kan bu på Klakegg og jobbe på toppnivå i ein regional sparebank. Dette viser igjen at vi har potensiale, berre vi vågar nok og trur på oss sjølve.
Eg kjenner at det gjer noko med sjølvtilliten både til meg sjølv, banken og leiargruppa. I tillegg ser eg på Hallvard at dette er moro. Moro å konkurrere litt! Moro å vinne fram i konkurranse med andre på ein nasjonal arena! Moro å vise igjen, moro å lykkast!
Det er nesten som eg ser han føre meg i morgon i Oslo. – Å hvor kommer så di frå? Eg kjem ova Kalkegg!
Lykke til, Hallvard! Eg er stolt som ein hane!
