Vindkraft som drivkraft

SimulatorByen Nakskov i Danmark hadde alvorlege problem på slutten av 80-talet. Storverftet i den vesle kommunen med berre 15000 innbyggarar innstilte og sa opp alle tilsette. Resultatet var ikkje berre tilbakegang og utflytting, men også store sosiale problem.

Så vedtok den danske vindmølleprodusenten Vestas å bygge ein fabrikk for produksjon av vindmølleblad i Nakskov. Vestas er ingen smågut, men verdas største vindmølleprodusent og Danmarks største eksportør med over 100 milliardar kroner i omsetnad. Fabrikken i Nakskov fekk 650 tilsette. Etter kvart har underleverandørar og tilknytta bedrifter til fabrikken tilsett rundt 600 arbeidarar i den danske småbyen. Nedturen er snudd til opptur og vekst.

Vekstfaktor
Kan vindmølleproduksjon bli ein liknande vekstfaktor i Sogn og Fjordane? Spørsmålet er reist i ein omfattande rapport som Vestlandsforsking har laga på oppdrag frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Fylket har stor trong for vekstimpulsar. Til tross for kraftig vekst i norsk økonomi etter krigen, er talet på arbeidsplassar i Sogn og Fjordane om lag det same som i 1946. Hovudforklaringa ligg i oljesysselsettinga som syner at Rogaland har 37.000 arbeidsplassar i oljeindustrien, Hordaland 16.000, Møre og Romsdal 4.000 og Sogn og Fjordane 800.

20 prosent vekst
Mange spår at vindmøller i havet blir Norges neste store energieventyr. Men allereie i dag er denne næringa ei av dei som vekst sterkast globalt med rundt 20 prosent i året. 150.000 arbeidsplassar i dag er venta å bli fordobla innan 2020.

Teknopollen
Rapporten til Vestlandsforsking og banken syner at minst 60 prosent av arbeidsplassane i vindkraftbransjen er knytt til produksjon av vindturbinar. For Sogn og Fjordane kan med andre ord eksport av vindkraftverk blir viktigare enn produksjon av vindkraft. Det har næringslivet i Måløy fanga opp. Deknepollen er omdøypt til Teknopollen etter at kløkt og vågemot har sikra både testanlegg og fleire kontraktar med dansk vindmølleindustri. Måtte fleire følgje etter. Fylket må unngå oljehistoria på nytt.

3 svar til “Vindkraft som drivkraft”

  1. Odd Frantzen sier:

    Unngå oljehistoria på nytt? Eg er redd det alt er for seint å skape noko vindeventyr i Sogn og Fjordane. Konkurrentane ligg alt langt framfor oss. Kva spesielle konkurransefortrinn ser ein for seg at me har i Sogn og Fjordane?

    • Arve Sandal sier:

      At to firma i Måløy har sikra seg gode vindkraftkontrakter i Danmark er eit døme på at næringslivet kan. Sogn og Fj har lang røynsle i eksport og over 100 bedrifter med meir enn 10 tilsette. Testområde utanfor Stad og beste vindforhold for havvindmøller i Europa er ein unik sjanse. Stavanger var ein av dei fattigaste regionar i Norge då regjeringa utpeika byen til oljehovudstad. Berre nemner det.

Legg igjen et svar