Ver og vinn

SykkelDei to små orda har vi brukt før. Dei stod i konjunkturbarometeret til Sparebanken Sogn og Fjordane i 2007. Det var då Al Gore og FN sitt klimapanel frekk fredsprisen. Det var då 2500 forskarar slo alarm om global oppvarming og fare for drastiske klimaendringar. Det var då dei politiske partia tok til å programfeste kraftige kutt i CO2-utslepp. Med dei to orda ver og vinn prøvde vi å seie at klimavennleg framferd er vinn-vinn-vinn både for naturlivet, menneskelivet og næringslivet. 

Ettertanke
Når klimatoppmøtet i København med 100 statsleiarar og fredsprisvinnar Barack Obama i spissen brakar laus er det grunn til ettertanke. Vart det med to små ord? Vart det med festtaler og litt glansa skrytepapir, heiv vi oss berre på ein trend i tida som vart avløyst av nye trendar, til dømes sosiale media?

Ærleg engasjement
Sparebanken Sogn og Fjordane hadde og har eit ærleg engasjement i desse spørsmåla. Vi starta med å lage oss 10 klimabod for å seie både til oss sjølve og omverda at vi meinte alvor. Vi innleia eit treårig samarbeid med Vestlandsforsking for å bidra med meir miljøkunnskap. Vi reiste fylket rundt i 2007 med ferske analysar som synte at Sogn og Fjordane ligg over landssnittet i utslepp av klimagassar. Vi mobiliserte i eigne rekker med å sykle til jobben, innføre dobbelsidig utskrift, bestille videokonferanse i staden for flybillett, miljøsertifisere hovudkontoret og tilby lågare rente for lån til energihus og lågutsleppsbilar. Vi oppdaga at kvardagen vart verken tristare eller traurigare. Tvert om kom vi i betre form, sparte nokre titals millionar og hadde litt betre samvit. Typisk vinn-vinn, med andre ord.

Mens vi ventar på Obama
Så sit vi her og ventar på Obama. Kva no? Skal vi overlate det heile til politikarane eller er framtida for viktig til det? Norske politikarar har ikkje akkurat imponert med handlekraft i miljøsaka. Upoplære tiltak er vanskeleg for ein som lever av å bli gjenvalt. Men mange bedrifter har lagt om til meir miljøvennleg framferd. Dei har redusert energibruken, dei brukar reinare råstoff, dei resirkulerer meir. La gå at otten for å bli utestengt frå marknad og kundar har vore den viktigaste drivaren. La gå at mange av tiltaka også har redusert kostnadane. Ingen ting gale i det. Tvert om, vinn-vinn-tankegangen er faktisk flott og intelligent.

Berekraft er framtida
Innerst inne veit vi alle at vi har alt å tene på å oppføre oss berekraftig. Store klimaendringar vil påføre kloden og menneskeslekta enorme lidingar og enorme kostnadar. Våre barnebarn og tippoldebarn må betale prisen for vår overflod. Men mennesket kan det meste når det må. Takk og lov for at alt tyder på at mykje av den globale oppvarminga er menneskeskapt. Då er det håp. Då kan vi ta tak og gjere det som gjerast må, både i lag og kvar for oss.

I banken skal vi neste år sertifisere fleire bygg, forbruke mindre og ta i bruk eit nytt klimaverkty i rådgjevinga til bedrifter og privatpersonar. Vinn-vinn for økonomien og miljøet.

Ett svar til “Ver og vinn”

  1. miljøGustav sier:

    Nå er jeg stolt av å sykle rundt i http://songepengar.no

Legg igjen et svar