Mobilbank

mobil.ssf.no på HTC Hero
Den første versjonen av dei nye mobilsidene våre er no klare. Sida skal i all hovudsak vere innfallsport til mobilbanken (som kjem på nyåret ein gong), men vi prøver så klart å gjere dei så bra som mogleg og så relevante som mogleg. No vil vi gjerne høyre kva du meiner om dei før vi offisielt går på lufta.
I dag ligg det berre tekst og bilder der, men er det andre ting som kunne vore interessant? Vi tek gjerne i mot forslag.
Det hadde også vore fint om vi kunne få tilbakemeldingar på kva telefonar som den fungerer bra på, og spesielt kva telefonar den ikkje fungerer like bra på. Det er litt utfordrande å lage slike sider, for dei må tilpassast ei rekkje ulike system.
Mobilbanken som vi lanserer i 2010 er ein forenkla nettbank som er tilpassa mobilplatforma.
Adressa er mobil.ssf.no (utan www.) Linken virker ikkje i vanlige nettlesarar.
Kva syns du? Kva saknar du?

Hei
Kva med ein link til Sperre kort som beskriv korleis sperre kort.
Vi har lagt til ein lite artikkel om sperring av kort. Andre ting?
MEGET BRA TILTAK!!! Som iphone-brukar har eg savna ei slik teneste leeenge!
Erlend