Mette – grafisk designar

09-12-17 Mette_0064_2Dette er vår Mette. Mette spelar i Gaularspelet og Bygstadrevyen, og på Flygelhorn i korpset i Bygstad. På jobb i marknadsavdelinga spelar ho på mange strengar – som t.d. dei på F: fontar, fargar,  flash, facebook… Mette er ein ressurs. Ho er aktiv og kreativ.

Som grafisk designar i eit av dei største fagmiljøa innanfor marknadskommunikasjon i fylket, får ho bryna seg på alt frå flashannonsar, eigedomsprospekt og årsmelding til publisering på Facebook, ”twitring” og utvikling av nettsidene kongleriket.no. Ingen dagar er like og tempoet er høgt. Men det trivst ho med. I Førde har ho 7 nære medarbeidarar å spele ball med – og nesten 300 til, spredt rundt i fylket og i Bergen.

Vi har mange sterke fagmiljø i banken. Marknads- og kommunikasjonsavdelinga er berre eit døme. IT, økonomi og risiko er andre. Vår visjon er å vere ei drivkraft for fylket. Vi trur at ein viktig del av dette er å bygge opp sterke fagmiljø og kompetanse lokalt. Difor er vi både bank og meir enn bank.

Del med andre:
  • Facebook
  • Twitter
  • del.icio.us

Ny kommentar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>