Lokkemat heimafrå
- Skal vi ikkje ha hjort i år, kom det får min betre halvdel då det drog seg ut i oktober utan at den årvisse skrotten var komen i hus. Eg lest som eg ikkje høyrde spørsmålet. Eg hadde nemleg ein plan om å bryte ein tradisjon. Det gjer ein ikkje ustraffa.
Ho spurte ikkje meir. Tenkte sikkert som vanleg at det går lettast om han kjem på det sjølv eller at går ikkje det, går det likevel som eg vil berre eg oppfordrar lenge nok. Hald ut og hald av er eit kjært og godt prinsipp i ekteskapet.
Hjortefella
Det er minst 15 år sidan eg gjekk i ”hjortefella.” Den gongen tenkte eg at sidan eg bur i landets største hjortefylke er det tåpeleg å ikkje gjere seg nytte av delikatessa. Avtale med grunneigar på kysten sikra meg førsteklasses, lokal råvare. Kvar haust har eg stått med kniven og saga og lirka ut indrefilet, lårmusklar og det beste av alt på hjorten, ytrefileten. Bogar, hals og det vesle av kjøt mellom ribbeina har blitt til grytekjøt og førsteklasses kjøtdeig til karbonade, pizza og ikkje minst julepølser. Særleg det siste, ispedd litt spekk, fårekjøt og rikeleg av krydderet allehånde har blitt ein tradisjon i familien.
Alle som har prøvd denne matauken om hausten veit at det er steikje, mykje arbeid. Eit par laurdagar med til dels hardt fysisk arbeid går med. Så då eg oppdaga at samvirkelaget i Førde satsar på gardsmat frå Sogn og Fjordane med både hjortefilet, hjortepølse og alle typar spekepølse i tillegg til både fårerull og julesylte frå Sandane, kom tanken om å kjøpe meg fri i år.
Kjøpejul?
Spørsmåla om kvar det vart av årets hjort dukka opp i jamne og ujamne mellomrom utover i oktober og november. Eg stod han av med halvkveda viser og bortforklaringar slik mannen har utvikla høg kompetanse på i eit langt samliv. Det verka til og med som tanken om litt førjulsfri og ekte kjøpejul tiltalte også henne. Eg sukka letta.
Smaken heimafrå
Så kom telefonen, frå yndlingsdottera i Oslo. Ho gjekk der i bygatene og tenkte på den fantastiske smaken av Vestlandet i mors og fars hjortepølse. Ho tenkte på dei beste hjortepateane som finst i verda, pateane til mor. Ho tenkte på julesylta far lagar saman med kompisane og ikkje minst på fisk i fiskebrød, eller kling som vi seier i Gloppen. Ho ville gjerne kome heime til jul.
Familiejul
Vi vart mjuke i hjartet og ømme i blikket begge to. Eg fekk tak i hjort aldeles uoppfordra. Vi heiv oss på kjøtkverna med tarmar og spekk. Stappa og kveila meter på meter. Deretter var det rett i pateane med mest like mykje hjortekjøt som lever. Både fårerullen og julesylta med 09-lapp ligg klar i frysen. Dei tre siste laurdagane har gått med til førebuinga og til det ”store” innrykket frå hovudstaden. Klart vi skal halde tradisjonane ved like. Klart dei skal få kjenne smaken frå Vestlandet. Klart vi må ha god gamaldags familiejul.
No går eg rundt og smiler og gler meg som ein unge til jul. Jammen godt vi har lokkematen heimafrå.

Yo papa! No har eg fått lese dine herlege, morosame og inspirerande bloggar! Lo godt og fekk nokre ord til ettertanke. Du skriv så fint. Olai krabbar rundt beina mine og sutrar nett no. Er litt sliten etter å ha vore stor oppdagar i timesvis, og lengtar no heim til ho mor og den trygge puppen :) Også store karar treng koseklut. Hels mi kjære mor og pust godt ut etter knall innsats for å skape den gode, trygge og kjende tilværa for meg og mine. Lokkematen funkar like godt kvar gong, og eg kjenner meg som pappa si vesle prinsesse att med det same eg kjem innanfor dørstokken heime:) Vaksne mødre treng også å få vere små.. Godt nytt år og så gler eg meg til neste møte!! di yndlingsdotter