Godt NYTT år

Madelene-FuroreI to veker har eg hatt selskap av ein krabat på 8 månadar.  På desse vekene har han lært seg å krabbe på alle fire og fått tilgang til eit nytt univers. Plutseleg kunne han ta eigne initiativ og  eigne val, søke det nye, det ukjende, det spennande. Han brukte tida godt, heile tida på farten for å føle, smake, erfare både vedakorga, juletreet, støvsugaren, stikkontaktar og alt anna innanfor rekkevidde. Om eit par månadar er lysta til å gå større enn frykta for å falle. Då tek han nye kvantesprang i eigen kompetanseutvikling.

Full ordrebok
Mens eg ser på han, kastar eg eit blikk på Firda Tidend som fortel at Br Aa har sikra seg endå ei ny karbonbåtkontrakt og har full ordrebok til langt ut i 2011. Mens resten av norsk verftsindustri permitterer og legg ned, går verftet i Hyen som aldri før med 100 tilsette og solide overskot. Eg kjenner bedrifta så pars at eg veit det ikkje er tilfeldig. Eigarane og dei tilsette har heile si historie jakta utvikling og gått etter nye materialar, nyte teknikkar og nye produksjonsmetodar. Lokalisering i ein utkant i eit utkantfylke har ikkje vore noko hinder for kontakt med nye forskingsmiljø, nye konstruktørar og nye leverandørar. I dag haustar dei fruktene av nytenkinga, men veit samstundes at dei må vidare. Forbetring tek aldri slutt.

Stortalent
2. oktober fekk 17 år gamle Madelene Berg ståande applaus i Trivselshagen på Sandane. Ingen i salen var i tvil om at fiolinvirtuosen fortente toppstipendet til Sparebanken Sogn og Fjordane på 100.000 kroner. Jenta har eit stort talent, men kanskje endå viktigare, ho har valt å ta ut potensialet sitt. Det betyr å jakte den beste læremeisteren, akseptere mange timar øving kvar dag, våge å prioritere og ta store utfordringar.

Fornying
Solscelleprodusenten NorSun i Årdal har fornya industrien i Årdal og har snart 170 tilsette. Nordfjord Kjøtt i Loen utvidar for 400 millionar i 2010 og har snart passert 1,5 mrd kroner i omsetnad. Kari Standal Pavelich tok operakunsten til Nordfjord og kunne i 2009 innvie Norges andre operahus, det første med fjordvarme. I 2010 fornyar operasjefen heile operatenkinga med ein nyskriven fotballopera på Nordfjordeid.

Vinnarar  i 2010
Nokre menneske er drivande nysgjerrige som barnet. Nokre menneske tykkjer fornying er viktigare enn bevaring, utvikling viktigare enn rutinar. Også i 2010 blir dei vinnarane i Sogn og Fjordane. Godt NYTT år.

Del med andre:
  • Facebook
  • Twitter
  • del.icio.us

Ny kommentar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>