Best på klima
Det var nytt for meg, kanskje for deg og? Studiar i USA og Europa syner at produksjon og drift av vindmøller representerer mindre CO2-utslepp enn bygging og drift av vasskraftverk. Vi brukar ofte å skryte av at vasskrafta er reinaste energikjelda i verda. Men det syner seg altså at i tillegg til naturinngrepet representerer bygging og vedlikehald av demningar, tunnelar og kraftstasjonar større utslepp av klimagassen CO2 enn satsing på vindmøller.
Forsking
Det er ikkje banken som har funne fram til dette. Konklusjonen står i ein omfattande rapport om vindkraftnæringa som Vestlandsforsking har laga på oppdrag frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Rapporten fortel først og fremst om kva denne næringa representerer og korleis den er organisert med støtteordningar og næringsutvikling på kontinentet. Men forskarane i Sogndal har også stilt spørsmål ved om det er sant at vindkraft er så rein og klimavennleg som det ofte blir påstått?
Livsløpsanalyse
All energibruk påfører natur og miljø belastning og press. Det gjeld også bygging, utplassering og drift av vindmøller. Men studiar gjennom heile levetida til slike anlegg syner altså at vindmøller kjem betre ut enn først og fremst solceller- og jordvarmeanlegg, men også betre enn vasskraft, bølgekraft og tidevasskraft.
Mest berekraftig
Mange er mot vindmøller fordi dei representerer ei visuell ureining og ofte eit trugsmål mot fuglelivet. Det er rett. Men det er også rett at det største trugsmålet mot artar, menneske og miljø er klimaendringa. Rapporten til Vestlandsforsking ber bod om at vindmøller er ei av dei mest berekraftige, fornybare energikjeldene vi kjenner i dag.
