Vi gjer opp for oss og vi sparar
Folk i Sogn og Fjordane er smarte syns vi i sparebanken. Du og eg er smarte fordi vi er flinke til å betale for oss og til å spare pengar. Vi har med andre ord ein ryddig privatøkonomi og vi klarer å legge tilsides litt pengar. Dette likar vi i Sparebanken Sogn og Fjordane. Sjølvsagt er det kjekt for oss at kundane betalar låna sine og set pengar på sparekonto. Men det viktigaste av alt er ikkje nødvendigvis at dette er bra for banken, men at eg og du som bur her i fylket rett og slett får eit betre liv og har større fridom. Det å ha styringa over eigen økonomi eller å bli styrt av bankar, inkassobyråa og ande institusjonar er som natt og dag. Heldigvis har dei aller fleste av oss styringa sjølve.
Vi skal ikkje berre teikne eit glansbilde over dette. Gjennom livet opplever mange at den økonomiske kvardagen kan vere tøff. Spesielt når hendingar som det å stifte familie, det å bli arbeidsledig, oppleve samlivsbrot og oppleve at uforsett ting skjer. Det er knalltøft når den økonomiske tvangstrøya kjem på, men heldigvis ser vi at svært mange klarer til å finne tilbake til ein kvardag der draumane og fridommen pirrar oss igjen. Det er då vi kjenner at vi lever og har det best.
Min påstand om at folk i Sogn og Fjordane er smarte, er med utgangspunkt i dei erfaringane vi har som største bank i fylket. Vi har i mange tiår opplevd at kundane her i fylket er ryddige, men sjeldan har du og eg som privatpersonar spart så mykje pengar på bankkonto og i fond som no. Over 500 millionar har vi sett på konto og i fond det siste året. Samstundes er det svært få som har problem med å betale lånet sitt. Berre 9 av 1000 lån blir ikkje betalt når det skal.
Dette er bra for banken, men det beste er fridomskjensla til kvar enkelt. Frie menneske har lagt basisgrunnlaget for eit godt liv.
