Kortreist kapital
På Førde Industri- og Næringssamskipnad si bransjesamling nyleg, fortalte Agnar Hellenes i Hellenes AS om ”kva var utfordringane og kvifor lukkast vi”. På samlinga lanserte Hellenes begrepet ”kortreist kapital” – fordi han brukar Sparebanken Sogn og Fjordane som sitt banksamband. Dette var så godt påkomme at vi i Sparebanken Sogn og Fjordane straks adopterer begrepet.
Kortreist mat er kjent for sine fordelar både i kvalitet og miljømessig samanheng. Her i banken tør vi påstå at også kortreiste banktenester byr på ei rekke fordelar. Du kan diskutere med folk som kjenner deg og bedrifta, du får raske avgjerder og som sparebankkunde ein ekstra bonus i form av gåver og sponsormidlar til idrett og kultur i kommunen din.
Det å bruke ein bank med hovudkontor i eige fylke gir dessutan større sysselsettingseffekt, og i neste omgang ein ekstra samfunnsverdi. Det er nemleg slik at eit lån avlar ei rekkje interne aktivitetar i banken som ikkje er så synleg for kunden. Når dette blir utført i lokalmiljøet gir dette større sysselsettingseffekt enn om det vart utført i ein by langt borte. Dette gir grunnlag for interessante arbeidsplassar og kjøpekraft som kan vere med å bygge opp under anna lokalt næringsliv.
Betyr det noko for deg om kapitalen er ”kortreist”?
