Kjensler og sko!

Foto: hm.com

Foto: hm.com

Denne veka er eg priviligert. Eg skal rett og slett helse på framtida! I dag startar vi på den årlege rundturen der vi besøker så og seie alle ungdomsbedriftene i fylket. I dag er vi i Songdal, i morgon i Førde og torsdag på Nordfjordeid.

Saman skal vi snakke om marknadsføring og økonomi. Kva er det eigentleg som avgjer dei vala vi tek når det gjeld produkt og merkevarer? Tek vi til ei kvar tid rasjonelle avgjerder, eller er vi i stor grad styrt av kjensler? Kvifor kjøper vi ein iPod, kvifor må vi ha nye sko – kvifor akkurat dei skoa og den akkurat den iPoden? Det vi heller ikkje skal gløyme er at iPoden og skoa på mange måtar representerer forbrukssamfunnet – og det har ei bakside. Difor skal vi også snakke om klima og etikk, element som vert viktigare og viktigare for omdømet til bedrifter i dag. Vi er sjølvsagt også innom budsjett og rekneskap men og  det kanskje mest viktige, prissetjing av eit produkt.

Det er få ting som er kjekkare for oss enn å få treffe denne gjengen som no ventar på oss. Dei er kreative, har eit enormt pågangmot og vilje til å lære. Det krev mykje av oss, men vi får minst like mykje tilbake. Eg gler meg verkeleg til denne veka!

2 svar til “Kjensler og sko!”

  1. Sofie sier:

    Var på møtet på Nordfjordeid i dag. Kjempe spennende! Har lært mye :) Håper det jeg og de andre på gruppa mi har lært ,hjelper elevbedriften vår framover.. Trenger nok litt gode ideer for å kunne tjene på å selge festklær til ungdom :) Takk for en lærerik dag!

  2. Hei Sofie! Kjekt å høyre at du hadde ein fin dag saman med oss! :)

Legg igjen et svar