Heia Måløy!
Hurra for Måløy Verft i dag. Eller kvifor ikkje eit 3×3 hurra for både verftet, Måløy-samfunnet og heile Sogn og Fjordane. Kontrakten på verdas første vindmøllefarty i sitt slag er ei stor og feiande flott fjør i hatten for først og fremst verftet, men også for det dynamiske vindkraftmiljøet i Vågsøy. Kontrakten på 45 millionar kroner kan vise seg å bli ein milepel i utviklinga av ei ny næring på kysten. Sidan verftet har opsjon på tre båtar til, kan denne inngangsbilletten fort bli på nærare 200 millionar kroner.
Lokal kompetanse
Den spesielle katamaranen er konstruert av Ola Lilloe-Olsen i Hyen. Den er designa for både høg fart ut til møllene og høg stabilitet når arbeidarane skal setjast om bord i mølletårnet i grov sjø. Ved å ta inn ballastvatn på feltet og senke fartyet djupare ned i sjøen blir stabiliteten auka mange hakk. Det er altså høg hurtigbåtkompetanse både i konstruksjon og bygging som har ført flagget til topps på Måløy Verft i dag.
Det nyttar
Vindkraftsatsinga i Måløy viser at det nyttar å tenke nytt i vesle Sogn og Fjordane og måle seg med dei store selskapa på kontinentet. Den nye vindmøllebåten er ikkje berre konstruert lokalt, den er også testa og utprøvt lokalt i den nye modelltanken i Deknepollen. Vegg i vegg ligg Easy Form som med ny data og freseteknologi sikrar 17 tilsette arbeid for dansk vindkraftindustri. Det er også i Vågsøy, lengst vest på Kråkenes, at dei einaste nye vindmøllene i landet for tida blir bygt. Og det er den vidaregåande skulen i Måløy som lagar animasjonar og simulerer gigantiske vindmølleparkar til havs.
Vindkraftkluster
Måløy-samfunnet ser starten på eit vindkraftkluster med ei rekke bedrifter og aktivitetar knytt til vindmølleindustrien. Dette skjer fordi enkeltpersonar som investor Gunnar Karlson og sjefsmotivator Alfred Bjørlo i Måløy Vekst vågar å tenke og satse visjonært og framtidsretta. Dei har for lengst sett at vindkraftindustrien er blant dei sterkast veksande industriane i verda og at fornybar energi er framtida.
Visjon
I konjunkturbarometeret til Sparebanken Sogn og Fjordane i 2007 sa vi at vindkraftnæringa i Norge kan bli like stor som oljeindustrien. Vi sa også at det ikkje treng gå som med oljen at nabofylka tek mest heile kaka. Måløy viser vegen vi må vandre om spådommen skal gå i oppfylling. Heia Måløy!
