Draumejobbar – kva avgjer?

Sak om Lise Mari Haugen på firda.no

Sak om Lise Mari Haugen på firda.no

Eg skal ikkje gjere dette til eit innlegg for eller i mot endra kommunestruktur.  Eg vil berre reise nokon problemstillingar i høve det å la alt bli med det gamle – noko som sjølvsagt alltid er det enklaste.  Det eg lurer på er korleis kommunane skal klare å tiltrekke seg dei dyktigaste fagfolka i tida framover?  Blir miljøa store nok?  Blir arbeidsoppgåvene varierte og utfordrande?  Blir behovet for fagleg utvikling tilfredstilt?

-Eg har fått draumejobben, er overskrifta i papirutgåva av Firda på laurdag.  Lise Mari Haugen har allereie hatt to toppstillingar i kommunesektoren sjølv om ho framleis er berre 30 år.  No forlet ho rådmannstillinga i Hornindal til fordel for assisterande rådmannstilling i Førde.  At ho er frå Askvoll og vil busette seg der endrar ikkje på avgjera.  Pendling til Førde er ikkje noko problem, for ho gler seg til å jobbe med fag og system igjen i eit større fagmiljø.

No skal eg vere svært forsiktig med å bruke Lise Mari som sanningsvitne for mine meiningar, men eg vågar påstanden at dette ikkje er siste gongen vi ser at dei flinkaste vil vidare og brukar i beste fall dei små miljøa som springbrett til noko meir spennande og utfordrande.

Men ikkje misforstå meg.  Vi har mange flinke og dyktige folk som jobbar i sentrale stillingar i kommunane, både små og store.  Sjå berre på Marit Elisabeth Larsen, rådmann i Gloppen.  Energisk, dyktig og modig.  Ofte treng du alle disse eigenskapane i ein slik jobb.  Mykje skal gjerast og det meste må endrast.  Alle kjenner til kor vanskeleg dette er i tider med stram økonomi og aukande tal oppgåver som skal løysast.  Difor er eg også bekymra for kor lenge kreftene, motet og energien varer.  Det kan neppe vere enkelt å skulle bu og leve i små lokalsamfunn der du også er den som skal fronte endringar i skulesturktur og kutt i velferdstilbod.  Etter reportasjane i Firda Tidend å døme er det ikkje mange oppmuntrande ord og klapp på skuldra.  Det kunne både Marit og mange andre i hennar stilling trenge!

Ei anna avisoverskrift vakte også interesse denne veka.  – Frå Aker til Moods og Norway, stod det i Fjordingen på onsdag.  Stryningen Nils Are Karstad Lysø (41) går frå stillinga som konserndirektør i Røkke sitt Aker-system til vesle, men framgangsrike Moods of Norway.  Det skulle jo tyde på at storleik verken på  verksemd eller fagmiljø har vore avgjerande.   Nettopp!  Nils Are seier det er to ting som har vore avgjerande.  Tilknytinga til Stryn og miljøet der, samt det å jobbe meir operativt i ei mindre  verksemd med vekstspotensale internasjonalt.  Dette gjer det interessant å klatre ned frå maktens tindar og styreromma på Aker Brygge, til kreative prosessar og skapartrang i Stryn, men med verden som arena.  Dette liknar lite på jobbinnhald og frihetsgrader i ein rådmannsjobb i Askvoll, Hornindal eller Gloppen, for å bruke nokon tilfeldige døme.

Lise Mari og Nils Are er to gode døme på unge leiarar som vi treng fleire av i fylket.  Utfordringa vår er å skape arbeidsplassane og fagmiljøa som tiltrekkjer dei.  Eg har ikkje alle svara.  Men nokon av forutsetninga har dei sjølve gitt i avisa.  Men då må nokon gamle strukturar falle og nytenking må få betre vekstvilkår.

Ett svar til “Draumejobbar – kva avgjer?”

  1. Bernt Bergheim sier:

    Eg er einig i at me treng sterke fagmiljø for å tiltrekke oss fagkompetanse. Men like mykje motivera den kompetansen som er her. Som du skriv vert ein av og til litt einsam i dei vanskelege vurderingane.

    Men det er håp. Som økonom har eg ivra eit par år på å få til eit fagmiljø og ein møteplass på tvers av selskapsgrenser. Utfordringa er sendt til revisormiljøa. Sist onsdag samla Deloitte 35 økonomi-leiarar frå heile fylket på Skei. Då var og kommunar representert.

    Eg har grunn til å tru at PwC snart vil komme med tilsvarande initiativ.

    Det er mogleg – og me kan få til miljø på tvers av kommunegrenser om me berre står på.

Legg igjen et svar