Yngve Hallén som fotballpresident!

Foto: Tor Yttri
Eg les i Aftenposten og i Sogn Avis at Ynge Hallén er aktuell som fotballpresident. Ja, eg må berre innrømme at eg blei litt overraska. Tatt på senga! Men kvifor det? Det irriterar meg faktisk ikkje so lite at eg ikkje har kome på dette forslaget sjølv. Har det med smålåtenheita vår å gjere at vi ikkje vågar heilt å tenkje desse tankane? Dei store tankane om dei store posisjonane sidan vi er frå Sogn og Fjordane?
Er ikkje Sogndal blitt kåra til den beste breiddeklubben og best på utvikling av unge spelarar kanskje?
Har ikkje Sogndal og Sogn og Fjordane vore storleverandør til landslaga i mange år kanskje? Kor kjem Flo-karane, Frode Grodås og Alexander Ødegård frå, for å nemne nokon av dei mest kjente?
Var ikkje Sogndal i cupfinalen i 1976 kanskje? Alle huskar at Sogndal var der men få huskar kven dei spelte imot. Ikkje eg eingong!
Har ikkje Sogndal halde seg i dei to øvste divisjonane i ein mannsalder med utgangspunkt i eit tynt befolka omland og med små økonomiske ressursar?
Ikkje minst det siste – økonomi! Eg trur svært få er klar over kva bragd det er å halde seg der og samtidig utvikle eit anlegg som Fosshaugane Campus. Her er investert 10-tals millionar kroner med Sogndal Fotball som motor. Mange andre toppklubbar har gjort investeringar og brukt pengar dei ikkje har, med påfølgjande tap og avskrivingar for bankar og andre kreditorar. Det står stor respekt av Sogndal Fotball si økonomistyring kombinert med investeringar og sportslege satsingar.
Og sist, men ikkje minst – Yngve har hatt mange sentrale verv i norsk fotball dei siste åra. Både i Norsk Toppfotball og i arbeidet med ny strategisk plattform har han gjort seg bemerka med sin kunnskap og innsats. Han er difor både kjent og respektert langt inn i korridorane på Ullevål Stadion.
Så kvifor skulle det overraske meg (eller andre) at nettopp ein av dei heilt sentrale leiarane frå Sogndal er ein heit kandidat til å bli president? Yngve er ein toppkandidat – verken meir eller mindre! Lat han få all den støtte han kan få frå fylket vårt! Og til Tore Dvergsdal og Rolf Navarsete, som båe sit i valkomiteen. Slutt å leit! De har kandidaten!
