Vinnarar av FURORE stipend på 50 000,-

Mottakarar av 50 000 kroner. Tarjei Bø, Jonas Pedersen Øren og Hans Alexander Huseklepp
Vinnarane av FURORE stipenda på 50 000,- er Hans Alexander Huseklepp, Jonas Pedersen Øren og Tarjei Bø
Open Klasse – Hans Alexander Huseklepp frå Førde
Vinnaren av 50 000 kroner i open klasse har idèar mange andre ikkje har. Han er både målretta og kreativ på same tid og evner å sjå både det estetiske og det forretningsmessige i det han gjer. Han driv med høgteknologisk industridesign og har vunne prisar og fått mykje omtale av prosjekta sine.
Han leverer ein av dei beste søknadane, og det er tydeleg at han brenn for å oppnå draumen sin. Samstundes set han seg høge, men realistiske mål for kva han vil. Han har både gründerånd og eit ønskje om å gjere det stort. Vi er overtydde om at han kjem til å lukkast. Noko av det han vil satse vidare på, er den mykje omtala armprotesa Imacculate.
Kultur – Jonas Pedersen Øren frå Høyanger
Vinnaren av 50 000 kroner i klassen for kultur leverer ein ambisiøs og svært målretta søknad. Han har klare mål og ønskjer for framtida, og ofrer mykje for å nå desse. Han er dansar på høgt internasjonalt nivå, og får dei beste skussmål frå annerkjent hald.
Han drøymer både om New York City og å spreie dans og scenekunst her i fylket. Han har mellom anna vore sentral i Dans Uten Grenser, og delt sine kunnskaper på den måten. Jonas har nettopp starta på Kunsthøgskulen i Oslo. Han er ein av sju elevar, og ein av to gutar, som har blitt teke opp til linja for klassisk ballett.
Idrett – Tarjei Bø frå Stryn
Vinnaren av 50 000 i klassen for idrett er ein av verdas beste juniorar i si grein. Han har prestert på juniornivå i ein idrett som er vanskeleg å hevde seg i. Nivået i Norge innanfor denne idretten er på topp i verda.
Det er ingenting i vegen med ambisjonsnivået heller. “VM-gull og OL-gull” står det å lese i søknaden. Ola Lunde har sagt: “Han er nok eit større talent enn det Ole Einar Bjørndalen var i si tid. No er det viktig at han klarer å forvalte dette talentet og utvikle seg vidare”
