Sparing i fond
Sparing er eit tema som burde interessere mange i desse tider. Vi har vore gjennom ein turbulent periode, og viktigheita av å ha oppsparte midlar har vist seg tydeleg i fleire samanhengar. Den som kan mest om sparing hos oss er Gunnar Heggheim. Han er leiar for investeringssenteret og har mange år bak seg med sparing som sitt område.
Vi har fått fleire spørsmål om vi ikkje også kan kome med litt skikkelig bankprat på denne bloggen. Det mange etterspør er råd og vink frå våre fagfolk på diverse områder. Vi er ikkje heilt sikre på korleis vi skal presentere denne typen informasjon, så vi prøver oss i første omgong med eit intervju av Gunnar om sparing i fond.
Ver langsiktig
- Skal du spare i aksjefond bør sparehorisonten i utgangspunktet vere fem år eller meir. Du må også tole dei verdisvingingane som aksjemarknaden gir både økonomisk og mentalt. Er du fortruleg med det, er fond ei spareform som er godt innarbeidd, godt lovregulert og enkel å forstå. Verdien kan du lese av dagleg i nettbanken din eller i avisene, og det er enkelt både å kjøpe og selje fondsdelane dine, seier Heggheim
Månadlege spareavtaler
Den enklaste og beste måten å drive med sparing i fond på er gjennom månadlege spareavtalar. Gunnar ramser opp fordelane.
- Du reduserer risikoen for å vere spesielt uheldig ved kjøp.
- Du kjøper også når det er stor pessimisme og låge kursar i marknaden. (I ettertid viser det seg ofte at det er i slike periodar du gjer dei beste kjøpa.)
- Det passar godt for den vanlege sparar som ikkje har stor finansformue, men som har høve til å sette av litt kvar månad.
- Sjølv om avkastninga på fond kan variere mykje frå år til år bør ein velbalansert portefølje av ulike fond gje ein hyggeleg meiravkastning i høve til sikker banksparing over tid.
Kva fond bør eg velje?
Heggheim meiner at det viktigaste er å ha balanse i porteføljen. Ein bør ikkje satsar alle pengane på eit fond som investerer i berre eit land, eller ein bransje. Det kan også vere eit godt utgangspunkt å bruke meir enn ein fondsforvaltarar, spesielt dersom ein skal plassere større beløp.
- Sparebanken Sogn og Fjordane nyttar Skagen Fondene og DnBNOR Kapitalforvaltning som leverandørar. Vi ser at våre kundar i stor grad nyttar Skagen sine fond når ein vil nytte ein aktiv forvaltar som plukkar aksjar uavhengig av regionar og bransjar. Mange supplerer vidare med DnBNOR når ein ynskjer spesiell eksponering mot spesielle land/regionar eller bransjar, seier Heggheim.
Eit godt råd – hald deg til planen
Ikkje stans og start spareavtalen din i tide og utide, då forsvinn mykje av poenget med strategien, og for all del, ikkje stans den etter store børsfall og start den opp igjen etter lang tids oppgang.
-Dette er den sikraste måten å gå glipp av god avkastning på, avsluttar Heggheim.
Har du lyst å sjå litt på din situasjon og kva spareform som passar akkurat deg? Vi har laga ein enkel spareguide på www.ssf.no som kan vere ein god start.
