Skal vi ringe Andersen?

Arve_EgonEin kunde kom innom banken ein dag og fekk auge på ein bankfunksjonær som var moteriktig kledd i tights litt nedom knea og kjole som rakk nesten ned til knea.

-Svært så sie undebukse du har i dag, utbraut kunden skjemtande.

Eller kanskje hadde han ein liten brodd til oss bankfolk om at vi helst bør kle oss i drakt og dress??? Vi forvaltar store verdiar, tett på 30 milliardar kroner berre i Sparebanken Sogn og Fjordane. Skal slikt ansvar syne att i kleskoden i banken? Skal vi som statsrådar og presidentar syne all verda at vi tek rolla vår med det største ansvar og kle oss i svart og kvitt og snøre til med stivsnipp og buksepress? Eller har kleskoden etter kvart vorte så fri at det er eit feitt kva vi går i berre vi yter service og står på for folk og bedrifter i fylket?

Mange bankar har innført uniformer og brukar ein god del pengar på å kle opp sine tilsette. TV2-reporterane i ruta er både styla og stivpynta, mens NRK-journalistane i felten ofte ser ut som dei er på veg heim. Her i huset let vi mangfaldet rå. Vi har ein uskriven regel om at alle skal vere reine i tyet og kle seg fint som representantar for banken. Karane er heller grå i sine mørke bukser og lyse skjorter, mens kvinnene livar opp i fargar og friske kreasjonar. Her som elles. Kva som er pent og høveleg er overlatt til kvar enkelt. Dermed blir det mangfald med både dress, jeans, genserar og tights å sjå i finanshuset.

Kva syns du? Er det greitt? Er innpakninga mindre viktig berre innhaldet har stil og eleganse? Eller skal vi ringe stortingspresident og tømmerhoggar Andersen etter kleskoden for store og alvorlege saker???

3 svar til “Skal vi ringe Andersen?”

  1. Marita Bydal Haukås sier:

    Vi som jobbar i daglegbank skulle veldig gjerne hatt uniform. Godt å sleppe å tenke på kva som er passande å ha på seg på jobb kvar dag.

  2. Geir Haugen sier:

    Einig med deg Marita!

  3. Reiel Haugland sier:

    Det er fleire som meiner noko om kleskode og kva det betyr http://www.nrk.no/nyheter/1.6826355

Legg igjen et svar