Jakta på talenta
I morgon er den store Furoredagen. Dagen då vi skal dele ut 300.000,- til talent frå Sogn og Fjordane. Dagen vi har jobba mot sidan i sommar. Dagen vi skal vise fram noko av det beste fylket har å by på. Dagen for det største, og ikkje minst beste, arrangementet i Sparebanken Sogn og Fjordane si historie.
Saman med kunderådgjevar Cecilie Øvrebotten skal eg leie arrangementet i Trivselshagen på Sandane i morgon kveld. Etter ein lang dag sit vi no og ser på lys- og lydprøva til opningssermonien.
Sermoni er ikkje ein overdrivelse. Vi kjenner frysningane breie seg på ryggen.
Vi starta dagen i Førde og tok av mot Sandane kl 09.30. Med bilen full i klede, datamaskiner, kamera, kablar og anna mikk makk vi kunne få bruk for. Stemninga var litt småtressa og uroleg. Men vi gleda oss. Enormt. Gjennom Våtedalen hang skodda nedover fjellsidene. Men av og til kika sola fram og smilte til oss. Vi måtte stoppe. Drog inn den klåre lufta. Stresset var vekke.
Framme på Sandane entra vi den fantastiske salen i Trivselshagen. Med jukselappar, ymse sukkerhaldig føde og eit par sko med alvorleg høge hælar. Vi var klare…trudde vi.
Den store salen, den mørke scena, dei mange stolane. Vi kjente det frå ytterste tå til tuppen av det lengste hårstrå. Nervøsiteten bredde seg, men samtidig sa vi nærmast i kor. ”For ein herlig jobb vi har”.
