Gratulerer SFE og Sognekraft

TurbinEin særskilt gratulasjon til styreleiar Arvid Lillehauge og direktør Ole Schanke Eikum, sjølv om eg veit at det er mange andre også som har jobba med avtalen.  I spissen må det alltid vere dyktige og modige leiarar som vågar å satse.  Avtalen om kjøp av kraftselskapa i Bremanger er historisk og viktig.

NVE-statistikken viser at det årleg blir produsert om lag 14 TWh i fylket vårt.  Snittprisen så langt i år har vore 28 øre/kWh.  Det tilseier ein omsetningsverdi på i underkant av 4 mrd kroner.  Når vi då veit at driftskostander inkl avskrivingar er på 8 øre!kWh er resultatet av denne produksjonen rundt rekna 3 mrd kroner før skatt.

Dessverre er berre 15% av dette produsert av selskap med selskapsadresse her i fylket.  Etter oppkjøpet i Svelgen er denne delen auka til 18,6%.  Det er likevel langt mindre enn det vi skulle ønskje oss.  Eigarane i fylket er fyrst og fremst fylkeskommunen, men også mange kommunar får årleg store utbytte frå kraftselskapa.  Men dei fleste utbyttekronene går dessverre aust over fjellet.

Ein stor og strategisk eigar i energiselskapa i fylket er BKK.  Mange ser kanskje også på dette som ein trussel.  Sett frå min ståstad synest det som BKK opptrer langsiktig og fornuftig.  Her sit Statskraft med 49,9% eigarskap og er ei konstant utfordring for dei som ønskjer å ha fleirtalet på vestnorske hender.  Ei forskyving av eigarskapet i BKK vil kunne bety endring rundt styreborda i mange av våre eigne selskap.

Men i dag gledar eg meg over at denne handelen gjekk ”i boks”.  At ein fann partnarar tyder på at ein etter kvart også har utvikla relasjonar gjennom samarbeid over tid.  Det er gledeleg og dannar eit godt grunnlag for eit endå tettare samarbeid mellom energiselskapa i regionen.  Vi treng sterke og robuste selskap for å møte dei framtidige utfordringane – kapital og kompetanse.  Då treng vi også eigarar som tenkjer langsiktig og som bygger solide selskap.  Det kan bli ei utfordring for kommunar og fylkeskommune som treng utbyttekronene til driftsoppgåver.

Som eg har sagt så mange gongar før, fornybar energi er dette fylket sin store sjanse!

Lykke til!

Legg igjen et svar