Gratulerer med Tempoprisen

IMG_1667

Ivar Presttun og Ernst Strøm

Det er berre å gratulere og ta av seg hatten for vinnarane av Tempoprisen i 2009. Eller kva seier du til at bedrifta PSWinCom har fått kundar i 75 land og kvar dag sender ut fleire hundre tusen sms-meldingar gjennom datasystema i Florø. Like imponerande er utviklinga av Ewos i Gunhildvågen. Det er ikkje minst fabrikksjef, utbyggingssjef og prisvinnar Ernst Strøm å takke at fabrikken i Florø har blitt den mest moderne og største fiskeforfabrikken i verda. Vi snakkar med andre ord om nyskaping og næringsutvikling av internasjonalt format.

Derfor måtte Sparebanken Sogn og Fjordane dele Tempoprisen i år med 10.000 kroner til Ernst Strøm og 40.000 kroner til PSWinCom. Slike gründerar og slike bedrifter er som manna for ein bank. Dei skaper verdiar og arbeidsplassar fordi dei ser inn i framtida tidleg nok, tek viktige grep, set seg høge og realistiske mål.

Ernst Strøm har vore ei drivkraft i Ewos sidan han kom til Florø i 1988. Han stod bak ideen om utvikling av avanserte bulkbåtar for transport av fiskefor. Båtane som kan gå inn til oppdrettsanlegga utan fortøying, gjer transporten sikrare og meir effektiv og har revolusjonert logistikken i næringa. Strøm har også vore ei drivkraft bak den sterke ekspansjonen som har gjort Ewos i Florø til verdas største fiskeforfabrikk.

Ivar Presttun har arbeidd med nytenkande mobilteknologi sidan 1992. Han er krumtappen i oppbygginga av PSWinCom som hjelper bedrifter med å kommunisere via mobilkanalen. I 2004 fekk han med seg Roald Brekkhus i Bergen og Espen Fosse Storaas i Kristiansand som eigarar i PSWinCom. Etter kvart har bedrifta i Florø fått 13 tilsette og formidlar SMS-trafikk til 66 prosent av alle mobiltelefonar som er i bruk i Noreg.

Det er tusen gode grunnar til å rose og gratulere tempoprisvinnarane. Nyskapinga og næringsutviklinga dei representerer er heilt avgjerande for framtida i Sogn og Fjordane.

Legg igjen et svar