Globetrottaren Rolf – eit eksperiment

Rolf på veg mot nye eventyr
Walt Disney skal ha sagt “I only hope that we never lose sight of one thing – that it was all started by a mouse.” Det er viktig å ikkje gløyme kva vi eigentleg driv med i ein hektisk kvardag med krav, kriser, møter, nye kanalar og alt anna som distraherer oss. Vi er ein bank, ein sparebank til og med, og sparegrisen og det den symboliserer er kjernen i det vi driv med.
Difor tenkte vi at når vi no fekk ny gris, så måtte vi gjere noko morosamt ut av det. Det heile starta som ein intern greie, der vi tok med oss grisen hit og dit, gav han mat og hadde det litt moro på den måten. Behovet for eit namn dukka fort opp. Vi spurte dei over 4000 tilhengarane våre på Facebook om kva den skulle heite. Det kom 83 forslag , og valget fall naturligvis på Rolf.
Globetrottaren og kjendisen
Rolf var framleis eit internt humorinnslag som vi drog med oss over alt. Han var mellom anna med oss på Furorestipendutdelinga og Temposeminaret. Fleire av våre tilsette har hatt med seg Rolf på tur både i inn og utland, og han har laga fleire bilde- og reisebrev frå sine små eventyr. Han har vore mange stadar i Norge, Europa og Afrika, og det fyldigaste reisebrevet så langt har vi delt på Facebook.
Rolf har også menga seg med dei kjendisane han har møtt på vegen.


Eksperimentet
Men så tenkte vi at dette kan vi dra mykje lenger. Derfor klona vi Rolf i fem eksemplar som vi skal prøve å sende verda rundt. Inne i Rolf #1 la vi ein laminert lapp (som bråker når du rister på den) med ei oppmoding om å ta bilder eller video av Rolf og sende til oss. Gjerne med ei lita historie. Vidare står det at vi håper Rolf kan få reise vidare, og at den som finn han gjev han til nokon andre eller slepp han laus ute i verda slik at nokon finn han.
Rolf #1 sette vi på Den blå steinen ved Torgallmenningen i Bergen. Det gjekk ikkje lang tid før han blei plukka opp av Richard Dale og dette er nokre bildene han sendte oss:




Skulle Rolf #1 forsvinne for oss, så har vi fire turklare grisar til som vil bli plassert ut i den store verda ein stad. Vi gler oss til å sjå korleis dette ender, om det ender?

Til mi store glede og overrasking dukka plutseleg Rolf # 2 opp heime hos meg fredag ettermiddag. Skal eg tolke det som at heldige meg faktisk er blitt trukken ut til å ta med Rolf på eventyr? Blei veldig forbausa sidan eg ikkje har sent inn nokon forespørsel, men håpar på at Rolf valgte meg sidan eg er slik ein stor tilhengar:) Eg gler meg :)
Karen Tatiana, Rolf #2 valgte deg fordi han skjønte at å vere med deg på eventyr var noko han ikkje kunne gå glipp av :) Ha ei fantastisk helg begge to !!
Ønsker Rolf # 2 å suse rundt i Bergens gater en dag eller to Verdens mest miljøvennlige “bil” eller verdens kuleste sykkel: en waw velomobil er han velkommen til det før 25. oktober.