Førde som eit lite finanssenter

http://www.flickr.com/photos/arnybo/ / CC BY-NC-SA 2.0
Mi erfaring er at storleik har noko å seie. Ikkje minst når det gjeld kompetansemiljø. Difor har min draum vore å utvikle Førde til å bli så stort når det gjeld bankar og beslekta verksemd, at det blir attraktivt for dei som ønskjer ei karriere innanfor dette fagområdet. Som profesjonelle verksemder er vi heilt avhengige av å tiltrekke oss nye og kompetente medarbeidarar.
I dag er det om lag 230 arbeidsplassar innan bank og finans i Førde. 190 av desse er tilknytta Sparebanken Sogn og Fjordane, Gjensidige Bank og Gjensidige Forsikring. Dette er ein vekst på om lag 75 dei siste 3 åra. Med etableringa av Gjensidige Bank tok vi eit nytt og avgjerande skritt i å vise at det faktisk er mogeleg å etablere nye verksemder innan finans også utanfor dei store byane. Gjennom oppkjøpet av Citibank si verksemd innan forbruksfinansiering sist veke, får Gjensidige Bank med hovudkontor i Førde ei avdeling med 93 tilsette i Oslo. Dette skal sikre framtidig lønnsemd og dermed eksistensgrunnlaget til banken.
Sparebanken Sogn og Fjordane driftar i dag mange av basisfunksjonane i Gjensidige Bank og er også sentrale i alle utviklingsprosjekt. No blir det ei stor oppgåve å integrere Citibank sine system, rutinar og organisasjon i Gjensidige Bank. Eit svært omfattande prosjekt som vil gå i meir enn eitt år. Dette er lærerikt, men sjølvsagt også utfordrande og ressurskrevande.
Eg har også lyst å nemne revisjons- og konsulentmiljøa som viktige og kompleterande til finansmiljøa. Først og fremst PWC som over lang tid har bygt opp ei stor og kompetent verksemd i Førde, men også Lotteri- og stiftingstilsynet, sjukehuset og høgskulen representerer store og viktige fagmiljø.
I undersøkinga som Framtidsfylket gjorde i vår, kom det fram at bank- og finansmiljøet i Førde var det mest kjente og attraktive fagmiljø i fylket. Gjett om det gleda meg!

Dette er veldig bra og synleggjer kva Førde har å by på ! Les meir om andre bransjar i Førde http://www.fordeframover.no/jobb-i-f%C3%B8rde/
Det er heilt topp, at Førde kjem seg frem… litt trist er det, at “Banken” er nødt til å mase seg inn i daglegvarebutikkene i utkanten, for å få en oppningstid, som kunderne er tent med… “Banken” som lissom skal vere best på rådgjeving og bla bla bla… eg berre spør, Hvordan vil banken, at en 18 år gammel, nytilsatt butikmedarbeidar skal kunne steppe inn i rollen som “bankdame”? er det sånt som skal vere med å redde pengetilstrømningen til Førde?
Hei Jens.
Vi høyrer stort sett berre godord om Bank i Butikk løysinga vår, og dei tilbakemeldingane vi får frå både butikkar og kundar er positive. Kundane våre har no større tilgjenge på banktenester enn nokon sinne. Vi har i tilegg til Bank i Butikk opna kundesenteret vårt fram til kl 2100 på kvelden slik at du kan treffe ein rådgjevar når det passar deg. Men det er klart at skulle det vere behov for å treffe nokon ansikt til ansikt, så må ein no ta turen til kommunesenteret.
Ta gjerne kontakt om du har andre innspel på korleis vi kan bli ein betre bank.