Det er så kjekt å lese at det nyttar!

Frå fylkesmessa til UE i Førdehuset 2008
Eg sit og koser meg med artiklar på driftig.no om Ungt Entreprenørskap denne fredags morgonen. Eg les at det nyttar, det vert fleire bedrifter, dei som er involvert syns det er kjekt og Sogn og Fjordane ligg skyhøgt over landsgjennomsnittet i antal elevbedrifter! Kor bra er ikkje det?
Å lese konklusjonen til dei som har forska på Ungt Entreprenørskap er også som musikk i øyrene på oss.
”Omlag ein fjerdedel av elevane svarer at dei ønskjer å busetje seg på heimstaden. Mellom 70 og 80 % av elevane i grunnopplæringa ønskjer å ta høgare utdanning, og om lag 15 % av elevane kan tenkje seg å etablere eiga bedrift. Om lag halvparten av desse att ønskjer å etablere bedrift i heimfylket. Det er sterke tal, og det lover godt for framtida til Sogn og Fjordane”
Drivkraft for fylket
Vi har gjennom mange år med stor glede brukt mykje tid og ressursar på Ungt Entreprenørskap. Vi har vore overbevist, og er det framleis, om at dette er noko av det viktigaste ein kan gje ungdom. Skaparkrafta ligg i oss alle, og det å få anledning til å forløyse kreativitet, ansvar og kanskje stoltheit over eige produkt i tidleg alder er ein fantastisk moglegheit for dei som er med i dette programmet.
All honnør til det arbeidet Ungt Entreprenørskap gjer i Sogn og Fjordane. Helsing ein stolt sponsor.
Les meir om dette på bloggen til Fylkesmannen
og alle artiklane på driftig.no
http://www.driftig.no/om-ungt-entreprenoerskap/viktig-kunnskap-fraa-sogn-og-fjordane-article432-152.html
http://www.driftig.no/om-ungt-entreprenoerskap/ue-vekst-i-fylket-article437-152.html
http://www.driftig.no/om-ungt-entreprenoerskap/entreprenoerskap-i-skulen-nyttar-article431-152.html
