Det er berre daud fisk som følgjer straumen!
Tre jenter frå marknadsavdelinga i banken starta ferda mot Bergen og Jentetreff tidleg torsdag morgon. I ein alt for stor leigebil og med store forventningar til kva den føreståande kvelden kunne bringe. På ingen måte uførebudd, men likevel spente.
Planlegginga av Jentetreffet tok til for omlag eit år sidan, og i dag skulle endeleg bergensarane få oppleve korleis eit skikkelig arrangement med rot i trivselsfylket kan vere. Sparebanken Sogn og Fjordane har ikkje hatt Jentetreff i Bergen før, og vi gledde oss til å møte alle desse flotte kvinnene vi hadde høyrt så mykje snakk om!
Vel framme ved Sjøfartsmuseet i Bergen, var det klart for gjennomgang, rigging og peptalk. Bergenskontoret stilte med alle sine dyktige medarbeidarar, menn som kvinner. Saman med ein veldig serviceinnstilt vaktmeister på museet, fekk vi lagt på plass dei siste brikkene, og vi skjønte etterkvart at dette skulle bli ein kveld verdt å minnast. Vi er stolte over å kunne ha ein slik arbeidsplass, der vi ved hjelp av eige krefter kan klare å dra i land eit arrangement av ein slik størrelse og kvalitet.
Etter magisk song av den unge og lovande Thea Hjelmeland, entra regionbanksjef i Nordfjord, Leon Bakkebø, scena i ein fargesprakande kreasjon frå Moods of Norway. Han stilte spørsmålet ”Kan vi avblåse finanskrisa?”. Leon vart avløyst av Steinar Sørli, ein av eldsjelene bak Åmot Gard i Gaular. Steinar vende blikket mot stjernene, og fortalde blant anna om besøket av den verdskjende operadivaen Dame Kiri Te Kanawa. Steinar introduserte Christel Eide, som er gardskokk på Åmot Gard og gründer bak Mitt Lille Kjøkken. Christel hadde sett saman ein velsmakande meny med smårettar basert på lokale råvarer frå Sogn og Fjordane. Etter maten fekk vi endeleg møte den rosa rebellen, stryningen og rockestjerna, Mariann Thomassen frå Surferosa. Mariann delte både dei glamorøse sidene og det harde arbeidet som ligg bak vegen fram til å bli ei kjent rockestjerne. Ho leverer varene kvar gong, å vere der ho er i dag krev kontinuerlig fornying og hardt arbeid.
I dag sit vi igjen med ei god kjensle. Vi fekk ei kjempemottaking! Vi tenkjer på alle dei flotte kvinnene vi fekk stifte kjennskap med. Det var flott å dele opplevinga av kreative og nytenkande føredragshaldarar og artistar med desse damene! Vi er imponert over føredragshaldarane sitt pågangsmot, vilje, og evne til å realisere draumane sine. For å seie det som Mariann; Det er berre daud fisk som følgjer straumen!
PS! Sjå bildeserie på Facebooksida vår!
Lene, Anette og Mette
