Vi spurde og fekk svar

Skisse: Torstein Kvenås

Skisse: Torstein Kvenås

Hallvard Husefest Lunde lanserte i vår ein idé om å gjere om den gamle vasstanken i Likkjeåsen i Florø til eit utkikkstårn til bruk for kunst og kultur.  Vi meinte dette var ein ganske god idé, men fann fort ut at skulle vi vere med på dette ville heile gåvepotten til avdelinga i Florø gå med. Vi fann difor ut at vi rett og slett skulle spørje kundane våre om kva vi skulle gjere.

Vi kontakta avisa Firdaposten og dei oppretta ei avstemming på nettsidene sine. I tillegg gav vi kundane våre moglegheit til å gje tilbakemelding på ssf.no via SMS. Begge stadar kunne ein grunngje svaret om ein ville. (Dette var før vi hadde eigen blogg og moglegheit til å gjere slitk sjølve)

Vi stilte óg spørsmål om ulike lag og organisasjonar var villige til, dette eine året, å avstå frå gåvetildeling slik at midlane kunne gå inn i tårnet.

Vi fekk svar
Avstemminga utløyste stort engasjement. 2231 personar gav si stemme på Firdaposten sine nettsider. Av desse var 51 % for og 49 % imot at banken brukte heile gåvepotten i Florø til formålet. Av dei som svarte på banken sine nettsider, var 103 personar for og 4 personar imot.

Det vart oppretta ei Facebook-gruppe til støtte for tårnet. Denne har 676 medlemer.

Vi kjem ikkje til å gje heile gåvepotten til Likkjeåsen
Vi har tatt med alle desse tilbakemeldingane i vurderinga om utkikkstårnet i Likkjeåsen skulle bli det store gåveprosjektet for banken i året der Florø by fyller 150 år.

Basert på stemmetalet, engasjementet og tilbakemeldingane vi har fått, kjem vi ikkje til å gje støtte til dette prosjektet i denne omgong. Vi fekk klare tilbakemeldingar frå ulike lag og organisasjonar at det er viktig med dei årlege gåvekronene til drift av laga, sjølv om nokre óg meinte dei kunne greie seg utan dette året.Vi vil som før vere opptatt av å støtte dei mange laga og organisasjonane som søkjer om støtte.

Blir det søkt om støtte til tårnet, vil søknaden verte vurdert i konkurranse med alle andre søknader som kjem inn til den ordinære, årlege gåvetildelinga.

Sak i Firdaposten i dag

Legg igjen et svar