Mot til å våge – Jentetreff

Vi jenter er flotte, smarte, ressurssterke – og det treng vi påminning om. Vi treng også å bli utfordra – til nettopp å våge! Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer å setje kvinner i fokus, inspirere og utfordre – difor inviterer vi til Jentetreff. Tidlegare i år har vi hatt jentetreff i Florø, Førde, Nordfjordeid, Måløy og Sogndal. I oktober er det Bergen som står for tur! 

JentetreffPå Jentetreffet får ein treffe fleire som har hatt mot til å ta eigne val og følgje draumane sine. Steinar Sørli, kulturentreprenør og ein av karane som fekk Kiri Te Kanawa til gards i Bygstad, kjem. Det gjer også den rosa rebellen Mariann Thomassen. Ho vil snakke om det å vere annleis i ei lita bygd, jantelova og om viktigheita av å ha trua på seg sjølv. Det blir smakebitar på regionale merkevarer frå Sogn og Fjordane med ein moderne vri når Christel Eide frå “Mitt Lille Kjøkken” står for serveringa. Under Jentetreffet får vi også høyre smakebitar frå den unge debutanten, artisten og låtskrivaren Thea Hjelmeland. 

Jentetreffet er ope for eksisterande og potensielle kundar. Det startar med eit 30 min. fagseminar med tittelen “Vi avbles finanskrisa?!”. Tal plassar på arrangementet er avgrensa – så det er første mann til mølla. Påmelding opnar medio oktober på www.jentetreff.no.

Følg med på Facebook for meir om Jentetreffet og Sognepengane

Legg igjen et svar