Stem på din favoritt!
FURORE er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt talentstipend. Vi deler kvart år ut stipend frå kr 10 000 til heile kr 100 000 til unge talent frå fylket. No har vi valt ut fem som vi er stolte av å støtte. Men vi treng litt hjelp – kven av desse meiner du fortener ekstra heider og ære? Ver med å bestemme kven som skal få publikumsprisen som vert delt ut på Furorebanketten på Sandane 2.oktober.
Furore tyder å vekke oppsikt, skape begeistring og stormande jubel. Sogn og Fjordane har mange, unge talent som gjer Furore. At vi kan fostre nye verdstjerner som vi kan vere stolte av og sjå opp til, det trur vi, det ønskjer vi og det satsar vi på.
Fem av dei vi trur kan gjere Furore både i fylket, men og nasjonalt og internasjonalt, og som vi i år har valt å satse på er desse.
Du kan hjelpe ein av dei til å få 10 000 kroner ekstra. Stem på din kandidat via SMS fram til 1. oktober kl 1200.
Møbeldesignaren Gunnar Berstad –SSF 1 til 2077
Gunnar kombinerer jobb i Miljøservice med møbeldesign. Han utviklar og teiknar mellom anna bord, lamper og stolar – og blir lagt merke til i utlandet. Gunnar er 25 år og kjem frå Stryn
Kastaren Trude Raad – SSF 2 til 2077
Trude kastar tunge ting langt. Diskos, kule og ikkje minst slegge. Ho har NM medaljar, verdsrekord og fleire VM og OL gull for døve. Ho vil til OL i 2012 – og vi håper ho kjem seg dit. Trude er 19 år og kjem frå Gloppen.
Kledesignaren Tuva Listau – SSF 3 til 2077
Tuva teiknar og syr. Ho lagar klede for catwalken, og har vunne fleire prisar fordi ho er svært flink til akkurat det. Tuva drøymer kun om sying – og vi støtter ho i den draumen. Tuva er 24 år og kjem frå Førde.
Forfattaren Robert Reed Flatjord – SSF 4 til 2077
Robert skriv bøker. Han har gjeve ut ei, ”Edward Nansen” i 2007, og jobbar no med ei til. Robert har fått mykje skryt for den første boka si – og vi trur den andre vert like god. Robert er 26 år og kjem frå Gloppen.
Løftaren Vebjørn Varlid – SSF 5 til 2077
Vebjørn løftar tungt. Tyngre enn oss alle. Han har gode resultat både her heime, men og i norden og europa. Han vil ta gull i OL i 2012 – og vi håper han greier det. Vebjørn er 19 år og kjem frå Førde.
Send ein SMS til 2077, kodeord SSF og talet på din kandidat. Tenesta kostar vanleg SMS-takst.
